BKS Industri AS

DEL

Industri og verft: 

Tore Thorkildsen som er dagleg leiar i BKS Industri AS som held til på Sunde industriområde, seier det går greitt, og at dei kjempar på.

– Det er ein tøff marknad, med utfordringar spesielt i maritim sektor og innanfor skipsbygging. Det er tøffare konkurranse om jobbane. Men vi er allsidige, og inne på mange andre marknader òg. Vi er i eit spenn frå oppdrett og smelteverk til skipsbygging og offshore, og det er bra å vera allsidig på den måten. Vi har alle mann i arbeid, men det hadde vore kjekkare med fleire større oppdrag enn mange små. Heldigvis er det optimisme, og vi har trua på at det skal bli betre med høgare oljepris og alt det medfører, seier ein positiv Thorkildsen.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags