– Det er ein tøff marknad, men pilene går rett veg

Dagleg leiar i Palfinger Marine, Alf Eidsvik, ser ljost på framtida. (Arkivfoto).

Dagleg leiar i Palfinger Marine, Alf Eidsvik, ser ljost på framtida. (Arkivfoto).

DEL

Industri og verft: 

2017 var eit tøft år, men no seier dagleg leiar i Palfinger Marine Safety, Alf Eidsvik, at pilene peikar rett veg igjen.

– Det er heilt klart meir optimisme no, og vi ser at marknaden snur, sakte men sikkert. Vi får fleire og fleire førespurnader, og vinn fleire kontraktar enn i 2017. Det er ein tøff marknad, men pilene går rett veg, og det er gledeleg at vi får ein del kontraktar hos norske kundar.

Medan dei tilsette på Seimsfoss jobbar globalt, har dei tilsette i livbåtproduksjonen i Ølve nok å gjera i fleire år framover:

– Ja, der er det full trykk, og horisonten er lang. Livbåtproduksjonen er sikra i fleire år framover, og det er veldig bra, seier Eidsvik.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags