Reins Maskinering AS

DEL

Industri og verft: 

Også hos denne bedrifta er det fullt køyr.

– Vi merkar ein viss oppgang rundt oss. Det verkar som det er ein generell oppsving i heile økonomien i Noreg, seier eigar Helge Roald Rein.

Han fortel at det i stort sett alle bransjar Reins Maskinering jobbar innanfor, er ein auke. Og Reins har mykje oppdrag på plakaten.

– Det blir for mykje om eg skal nemna alt, vi jobbar jo med veldig mange ting. Varmekraft og offshore blant anna.

Reins Maskinering merka auken i fjor, og den er jamt stigande.

– Det er full gang alle plassar, seier Rein.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags