Travelt i dokken

Det er for tida stor aktivitet hos Halsnøy Dokk. (Foto: Jonn Karl Sætre).

Det er for tida stor aktivitet hos Halsnøy Dokk. (Foto: Jonn Karl Sætre).

DEL

Industri og verft:Hos Halsnøy Dokk i Høylandsbygd går ting veldig bra. Halsnøy Dokk har hatt relativt mykje arbeid den siste tida, og får straks meir å gjera, kan dagleg leiar Frode Grønstøl fortelja:

– Vi held no på med å ferdigstilla ferja M/F «Hordaland» som gjekk på grunn før jul, og har ein PSV supplybåt i dokken som vi òg ferdigstiller desse vekene. Vi held også på med ein av Eide-liftane, nummer åtte, som vi skal gjera ein større oppgraderingsjobb på.

I tillegg fekk Halsnøy Dokk nett ein større kontrakt på to båtar som skal byggjast om for reiarlaget Egil Ulvan Rederi AS i Trondheim. Den første kom førre veke, som blei kjøpt av reiarlaget på onsdag medan den låg i Høylandsbygd. Den skal døypast om frå «Silver River» til «With Frohavet». Frohavet var nemleg namnet på reiarlaget sin første trebåt i 1919. Dette frakteskipet startar i ny frakterute frå Estland til Nord-Troms via Danmark, og får i tillegg montert fôr-forsyningsanlegg slik at det kan levera til fiskeoppdrettsanlegg i tillegg til ordinære fryse- og fraktevarer.

– Etter at vi har gjort ferdig ombygginga av With Frohavet, kjem ein ny båt frå same reiarlaget, der vi skal gjera omtrent same jobben. Den skal heita «With Junior».

Grønstøl kan fortelja om eit bra 2017 omsetningsmessig, men at det er for tidleg å gå ut med endeleg årsresultat.

– Vi har hatt ganske bra trykk i ein lengre periode, og har ikkje vore så oljeavhengige. Vi har hatt kjekke kundar.

Og at ting går godt for Kvinnherad-firmaet blir tydeleg når Grønstøl kan avsløra at dei no skal lysa etter ein ny prosjektleiar.

– Vi har utsett dette med å tilsetja fleire før vi har vore på «trygg grunn», men det har tatt seg opp dei siste åra, og vi har fått fleire og fleire prosjekt som går samtidig. Då har vi behov for ein ny prosjektleiar med relevant erfaring innanfor den maritime industrien, og det er gledeleg. I vår bransje opererer vi med korte horisontar, så vi må gle oss når det går bra, seier den daglege leiaren.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags