Åtvarar mot skjeggkre-hysteri

– Som skadedyr er dei ikkje blant dei mest alvorlege inntrengarane. (Illustrasjonsfoto frå Colourbox).

– Som skadedyr er dei ikkje blant dei mest alvorlege inntrengarane. (Illustrasjonsfoto frå Colourbox).

Artikkelen er over 1 år gammel

Det er ikkje umogleg å bli kvitt skjeggkre, og nye metodar gir grunn til optimisme, ifølgje ekspertar.

DEL

Fleire fagmiljø åtvarar no mot å la frykta for det vesle insektet ta overhand.

– Det er sjølvsagt ikkje noko kjekt å få skjeggkre i huset, og mange slit psykisk etter å ha oppdaga dei. Men som skadedyr er dei ikkje blant dei mest alvorlege inntrengarane, seier Kolbjørn Mohn Jenssen, dagleg leiar i rådgivingsfirmaet Mycoteam, i ei pressemelding.

– Skjeggkre er altetande, små støvsugarar, og i menyen inngår òg papir og cellulose. På den måten kan dei gjera stor skade på for eksempel tapet, bøker, bilde og måleri. Difor er det viktig å ta opp kampen med dei, viss bustaden er invadert, seier Jenssen.

Forgifta åte

Bruken av både kjemisk sprøytebehandling og lim-feller har vist seg å vera lite effektive metodar mot skjeggkre, ifølgje Arne Nese, teknisk sjef i skadedyrfirmaet Rentokil.

– Ein nyare metode, der ein legg ut forgifta åte, har vist seg å fungera langt betre, og står no fram som det beste alternativet vi har, uttalar Nese.

Gifta blir lagt ut punktvis langs veggane, og insekta dør kort tid etter å ha ete av den. På den måten kan ein ta knekken på store delar av bestanden, men om ei total utrydding kan bli resultatet, er framleis uvisst.

Lang livssyklus

– Skjeggkre har ein lang livssyklus, så det tar fleire år før ein kan vita om ein er heilt kvitt dei. Men dei få som eventuelt overlever vil neppe opplevast som noko stort problem, og spreiingsfaren vil vera betydeleg redusert, uttalar forsker Anders Aak ved Folkehelseinstituttet.

Sidan skjeggkre først blei rapportert i 2013, har talet på innmelde tilfelle auka svært raskt. Ein antek at insektet har komme med post- og varesendingar frå andre sida av kloden. Skjeggkre er lysskye og nattaktive, og kan lettast bli observert når ein skrur på lyset om morgonen.

I bustadmarknaden har skjeggkre blitt eit tema som stadig oftare dukkar opp.

– Om ein takstmann blir gjort kjent med at det er skjeggkre i en bustad er det heilt klart noko som skal gå fram av takst-rapporten, men det er vanskeleg å fastsetta kva betydning det har for marknadsverdien på bustaden, seier advokat Daniel Helgesen i Norsk takst, ifølgje pressemeldinga

– For å unngå unødvendige og belastande konfliktar, er det difor viktig at det blir etablert tydelege reglar for korleis ein skal handtera saker der kjøparar oppdager skjeggkre den nye heimen sin. Vi har eksempel frå rettspraksis der det blir antyda at dei økonomiske konsekvensane vil bli lågare etter kvart som krypa blir endå meir vanleg i norske heimar, og på sikt kan ein tenka seg at det vil vera kostnaden for å bli kvitt insiktet det blir tvist om, ikkje det å setta verdi på bustaden.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken