Ein tiar på inkluderingsskalaen

Mange nasjonar rundt eitt bord: Syria, Eritrea, Somalia og Norge.

Mange nasjonar rundt eitt bord: Syria, Eritrea, Somalia og Norge.

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Dei internasjonale laurdagskafeane på Rosendal Motell er blitt svært populære.

DEL

Også då den fjerde samkoma vart arrangert laurdag, var det meir enn fullsett. Med om lag halvparten innvandrarar, og god spreiing i aldersgruppene, vart det ei inkluderingsstund alle sette pris på.

Som i svært mange gode sosiale samanhengar, er maten sentral. Meir spennande matbord skal ein leita lenge etter. Her var rettar frå mange land, og folk frå fire verdsdelar. Norsk mat høyrer sjølvsagt også med. Denne gongen bidrog Omvikdalen Bygdekvinnelag m.a. med laks og eggerøre, og viltgryte med hjortekjøt. Med den gode maten gjekk drøsen godt rundt borda, og med mange ulike nasjonalitetar måtte det føregå på fellesspråket norsk. Som avslutning på måltidet gjekk ein over på eit like imponerande kake- og dessertbord.

Det var mykje god mat å velja mellom.

Det var mykje god mat å velja mellom.

I den gode stunda, som var herleg uformell, var det ei fin opning der Isa Maria og Aurora song fint om kor godt og flott det er på Vestlandet. Seinare var det både teiknekrok, leikerom og eventyrstund med Vibeke Fredheim Røssland, slik at dei yngste kosa seg like mykje som dei vaksne.

Arne Martin Guddal Husby, Maren Guddal, Anita og Atle Falk som står i bresjen for tiltaket, fortener mykje ros. Sjølv er dei rause med rosen til alle medhjelparane som m.a. bidrar med mat.

I den samanheng nemner eg at skyss er ei utfordring. Det er langt mellom bussavgangane på laurdagar, og mange av dei som ønskjer å delta, har ikkje bil. Derfor er mi oppmoding til alle som har lyst til å bidra: Meld frå til initiativstakarane at de kan hjelpa til med kjøring neste gong. Det er eit lite bidrag, men det betyr veldig mykje for dei som ønskjer å vera med. Eg kan lova at opplevinga på kafeen og dei blide og takknemlege passasjerane kjennest som ei varm takk for sjåførane.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags