Domenetrøbbel i Vestland

Av

Ifølge fylkesrådmannen i Vestland, krev Terje Hatlem i Fjaler som eig domenet Vestland.no, ein million for å gi frå seg domenet til det nye fylket. Denne påstanden stemmer ikkje, skriv Hatlem i ein e-post.

DEL


– Vi har ved fleire høve prøvd å få hand om domenet, men til slutt så valde vi å trekke oss, seier fylkesrådmann Rune Haugsdal til NRK. Fylkeskommunen bruker no vlfk.no som domenenamn.

Terje Hatlem sikra seg retten til domenet vestland.no allereie i 2015. Han eig òg fleire hundre andre norske domene gjennom ulike firma, blant anna aker.no. Andre domene Hatlem eig eller har eigd, er advokattjeneste.no, arsenal.no, feminist.no, kumlokk.no, flisogmur.no, flypriser.no, sparebank.no og tyrkiaferie.no.

Hatlem sjølv skriv i ein sms til NRK at han ikkje har gitt noko tilbod til fylkeskommunen og at dei ikkje har tatt kontakt sidan hausten 2018.

Fleire av dei nye fylka har namn som er beskytta av Norid, etaten som gir løyve til bruk av .no-domene. Innlandet møter liknande problem som Vestland. Innlandet.no er eigd av lokalavisa Oppland Arbeiderblad på Gjøvik, som ikkje har vore interessert i å gi frå seg domenenamnet.

(NPK)

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags