Oppglødde barnehagebarn fekk is av russen

Det vanka både is og russekort til barnehagebarn på torsdag, og i Myrane barnehage på Husnes tok barna vel imot ein glad russegjeng på tokt for å dela ut is.

DEL

Tradisjonen tru delte russen ut is og russekort til ivrige små barnehagebarn. Barnehagar i heile kommunen blei besøkt av årets russekull.

– Dei som er med på dette har sjølv gått i den barnehagen dei deler ut is i, seier russejenta Ida Prestnes.

Kvinnheringen blei med då ho og åtte andre medruss tok turen til Myrane barnehage på Husnes. Besøket var utan tvil veldig populært, og i det ungane såg den raud- og blåkledde russen nærma seg, stod dei klare med heiarop ved inngangen. Ei øskje med saft-is og ei med fløte-is dukka opp, og ungane omringa russen. I tillegg spurde dei etter russekort, og fekk med det slått to floger i ein smekk.

– Er det godt med is? spurde vi barna.

Det var så vidt nokon hadde tid til å svara, sidan dei var så opptekne med å eta is.

– Ja! nikka Embrikk Olay Bjørsvik (5) og Malvin Mehl Prestnes (5), før dei viste fram nokre av dei kule russekorta dei hadde vore så heldige å få i hende.

Etter barnehagebesøket hadde russen is til overs, så dei tok like så godt turen innom aldersheimen.

– Dei blei så glade då vi kom innom på besøk, avslutta Ida, godt nøgd med is-utdelingsdagen.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags