– Veldig spennande. Og litt skummelt, ler Marianne Nordhus (31).
Gardsjenta frå Fjelberg er ei av dei seks bøndene som er plukka ut til å jakta på kjærleiken i den populære reality-serien. Det var to venninner som meldte ho på.
– Vi har spøkt om det nokre gonger, at eg burde finna mannen i mitt liv gjennom Jakten på kjærligheten. Eg blei likevel ein smule satt ut då telefonen frå produksjonsselskapet kom, der dei fortalde at eg var påmeldt, fortel ho.
Glad i gardsarbeid
Hausten for snart to år sidan flytta Marianne heim til Fjelberg att etter ti år i Bergen med studiar og jobb.
– Planen er at eg og broren min skal ta over garden saman den dagen pappa gjev seg. Eg synest difor det er greitt å vera med i gardsarbeidet alt no, slik at eg kan læra mest mogleg til den tid kjem, fortel ho.
Familien driv med mjølkeproduksjon, og har ei kvote på rundt 260.000 liter i året.
– Eg er veldig interessert i det meste som har med gardsarbeid å gjera, pluss at eg dyrkar litt grønsaker og slike ting. Elles likar eg å gå på hjortejakt, og eg er glad i å trena. To dagar i veka er eg på Borgundøy og leiar aerobics- og styrketreningar, og eg er elles sosial av meg og likar å treffa folk, fortel den aktive jenta.
Første sending på søndag
Tv-teamet har allereie vore på besøk på garden på Fjelberg for å spela inn ein presentasjonsvideo av Marianne. Denne skal visast på tv førstkomande søndag, og så kan den førebels single bonden byrja å venta på friarbreva.
– Draumemannen må vera gardsinteressert og handy, og sjølvsagt må han vera klar for å flytta til Fjelberg. Han kan gjerne vera jaktinteressert òg, slik som eg er, røper ho. Ho håpar tv-programmet kan hjelpa henne med å finna denne mannen.
– Rekkjevidda er jo rimeleg stor i dette programmet, så vi får håpa at nettopp mannen i mitt liv ser på og kontaktar meg, ler ho.
Anne Martha Leidland i TV2 opplyser at komande sesong blir nummer elleve i rekka, og skal leiast av programleiar Katarina Flatland. Førstkomande søndag kveld får tv-sjåarane altså bli betre kjent med alle dei seks bøndene, kor Marianne er den einaste jenta.
– Dei fire som får flest brev skal vi følgja vidare i kjærleiksjakta, seier Leidland.