Desse vil bli dagleg leiar i Kvinnherad Energi

Seks menn vil bli dagleg leiar for Kvinnherad Energi. (Arkivfoto).

Seks menn vil bli dagleg leiar for Kvinnherad Energi. (Arkivfoto).

DEL

Kvinnherad Energi skal tilsetta ny dagleg leiar. I dag er det Knut Førland som er fungerande dagleg leiar i selskapet.

Konsulentselskapet Mercuri Urval sende tysdag ettermiddag ut søkarlista til stillinga, som viser at seks menn ønsker jobben som ny sjef for kraftselskapet.

Slik ser søkarlista ut:

1. Even Østgulen (1965) sjefingeniør, Equinor, Bergen

2. Sigve Aspelund (1970) konsulent, Bryne

3. Hermann Skromme (1987) ingeniør, Kvinnherad Energi, Kvinnherad

4. Sven Ove Kjerpeset (1973) elektroinstallatør, Vassnes Power AS, Kvinnherad

To søkarar, begge menn, har fått aksept for at namna deira ikkje blir gjort offentlege.

Etter ikkje å ha fått namnet sitt skjult for offentlegheita, var det fem søkarar som trekte kandidaturet sitt, skriv Mercuri Urval i same e-post.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags