Elbil-bompengar også i Jondalstunnelen

DEL


Til liks med Fastlandssamband Halsnøy, blir det innført bompengar for nullutsleppskøyretøy også i Jondalstunnelen. Ifølgje ferde.no skjer dette frå 1. april, og då må dei som køyrer nullutsleppskøyretøy i takstgruppe 1 punga ut med 12,80 per passering i Jondalstunnelen.

Føresetnaden er som vanleg at du har autopassbrikke og gyldig avtale. Ordinær takst (utan autopassbrikke) i takstgruppe 1 er 32 kroner, medan vanlege bilar med autopassavtale betalar kroner 25,60.

Nullutsleppskøyretøy i takstgruppe 2 (elektriske lastebilar) er førebels sjeldne, og får framleis køyra gratis, medan vanlege lastebilar betalar 51 kroner.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags