Vi vil ha dine bilde frå sankthansfeiringa!

Bålbrenning frå fjorårets Jonsokfeiring i Gurinefjæro i Rosendal. (Arkivfoto).

Bålbrenning frå fjorårets Jonsokfeiring i Gurinefjæro i Rosendal. (Arkivfoto).

I helga feirer vi Sankthans eller Jonsokaftan. Kvinnheringen vil gjerne ha dine bilde frå feiringa!

DEL

I mange bygder er det familiearrangement med bålbrenning og leikar, og vi ønskjer oss lesarbilde frå heile kommunen!

Skriv kven eller kva som er på bilda, namn på fotografen og kor dei er tekne, og send dei til oss på e-post. Vi lagar ein bildeserie der bilda blir presenterte.

«Jonsok, òg kalla sankthans, jonsvaka eller jonsmesse, er den 24. juni. Ved jonsok er det vanleg mange stader i Nord-Europa å feire midtsommar. Mange stader vert det brent bål på jonsokaftan den 23. juni. På primstaven er jonsok gjerne merka av med ei krune, ein kross, ein ljå eller eit tre. Namnet Jonsok kjem av det norrøne jónsvaka, av Jon, som er ei forkorting av Johannes. St. Hans er ei forkorting av Sankt Johannes' dag. I den katolske kyrkja er den 24. juni minnedag for Johannes døyparen. Jonsokbålet blir også kalla «brise», «brising» eller «briseld» – i følge Ivar Aasen «især Lystild som optændes på et høit Sted for at sees i Frastand.»
(Kjelde: Wikipedia).

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags