Lokal reality er årets julekalender

KVINNHERINGEN: Gjengen reiste på nye eventyr, og «simsalabim» – ein julekalender av dei sjeldne blei til! Framme frå venstre ser vi Roy Vaulen og Karl Petter Vårdal. På andre rekke frå venstre ser vi Merete Lillesand, Håvard Røyrvik og Vidar Håland. På tredje rekke frå venstre ser vi Mona Grønningen, Karen Anna Kleppe, Thoko Michelle Sithole og Tomas Bruvik. På bakerste rekke ser vi Solbjørg Olderkjær, Hilde Elise Førde-Tislevoll og Oddbjørn Kloster.

KVINNHERINGEN: Gjengen reiste på nye eventyr, og «simsalabim» – ein julekalender av dei sjeldne blei til! Framme frå venstre ser vi Roy Vaulen og Karl Petter Vårdal. På andre rekke frå venstre ser vi Merete Lillesand, Håvard Røyrvik og Vidar Håland. På tredje rekke frå venstre ser vi Mona Grønningen, Karen Anna Kleppe, Thoko Michelle Sithole og Tomas Bruvik. På bakerste rekke ser vi Solbjørg Olderkjær, Hilde Elise Førde-Tislevoll og Oddbjørn Kloster.

Kamp Kvinnherad vil 1.–24. desember bli å sjå i beste sendetid på nettsida til Kvinnheringen. Men kva er Kamp Kvinnherad?

DEL

Sjå første smakebit av Kamp Kvinnherad nedst i saka!

– Jo, ein høgtideleg «reality»-adventskalender med ti tøffe deltakarar som barkar saman i kamp, slår redaktøren i Kvinnheringen, Tomas Bruvik, fast.

Dei ti «sporty» deltakarane visste omtrent ingenting på førehand, før dei kasta seg med i tidenes innspeling i Kvinnherad. Dei får no gleda av å smaka på «kjendislivet». Deltakarane møtte opp ved redaksjonslokalet til Kvinnheringen med eit knippe eigendelar: Ein personleg ting dei kunne velja sjølve, sovepose, liggjeunderlag og ikkje minst – godt humør. Nervane var til å ta og kjenna på då dei kom valfartande frå alle krinklar og krokar i kommunen, med nyfikne fjes som kikka rundt for å sjå dei andre deltakarane an.

– Vi ville ha god geografisk dekning i deltakarane, i tillegg til nokon som kunne by litt på seg sjølve, smiler Bruvik.

Og det var ikkje vanskeleg å rekruttera gode deltakarar.

– Alle som blei spurde om å delta syntest det var ei ære å bli spurd, så dei takka ja med ein gong, smiler Merete Lillesand, marknadssjefen i Kvinnheringen.

Ideen

Sjølve ideen har fått god tid til å mørna i topplokka i lokala til Kvinnheringen over åra.

– Vi har hatt julekalendrar tidlegare år, men aldri noko av dette kaliberet, fortel Lillesand.

– Video og TV er «trendy», og ein fin kanal å kommunisera ut til folket på. I serien har vi redaksjonelt innhald, og innovative lokale annonsørar har vore med på å realisera prosjektet, så det var berre til å bretta opp ermane og gjennomføra, fortel Lillesand.

På førehand var ein ikkje klar over alle utfordringane ein ville møta på, og ein blei stadig meir profesjonell ettersom planlegginga og innspelinga føregjekk.

– Det er heilt klart at ambisjonsnivået har auka på lik linje med innspelinga, og det heile har gått over all forventning. Det vil bli vist 24 episodar, og dei vil variera i lengd, frå mellom sju minutt og eit kvarter, opplyser redaktøren.

DOMMARAR: Her er dommarane i Kvinnheringen i full diskusjon om kven som har vunne ein konkurranse undervegs i innspelinga på Fjelberg.

DOMMARAR: Her er dommarane i Kvinnheringen i full diskusjon om kven som har vunne ein konkurranse undervegs i innspelinga på Fjelberg.

Medarbeidarar og kamerafolket

Utanom deltakarane, har eit produksjonslag på ti tilsette ved Kvinnheringen, samt tre eksterne kamera- og lydteknikarar og ein lokal Fjelberg-bu, teke del i realiseringa av adventskalenderen.

– Eg er så stolt av samhaldet og stå-på-viljen til gjengen i Kvinnheringen! Dei kastar seg rundt og lagar kjekke ting. Alle har hatt ei viktig rolle, anten det var å sørgja for at alle var mette i magen, filma eller halda styr på konkurransane. Det var eit stramt innspelingsprogram, og det gjekk etter punkt og prikke, understrekar Lillesand.

– Ein ting er sjølve innspelinga, men ein annan ting er alt etterarbeidet med å setja saman klippa og lyden – ein gigantisk jobb som Oddbjørn Kloster, Roy Vaulen og Karl Petter Vårdal har fått gleda av å gjera, skryt Bruvik.

Og produksjonslaget hadde neppe klart å navigera rundt på Fjelbergøy, der reality-kalenderen er spelt inn, utan god lokalkunnskap. Heldig som Kvinnheringen var, fekk dei med Marianne Nordhus på laget. Ho er oppvaksen på øya og bur der.

– Dette er ei innspeling eg aldri ville vore forutan, fastslår lokaljenta, som tidlegare har fått smaka på kjendislivet gjennom deltaking i «Jakten på kjærligheten».

– Eg har inga erfaring i å vera dommar i noko som helst, så dette blir spennande. Fjelberg er ein ein perfekt stad å arrangera Kamp Kvinnherad. Det er flotte omgivnader, og ikkje så mange som dukkar opp her. Difor er det ein strålande stad å ha dette. Elles må eg seia det var mange sprø øvingar, og utøvarane byr verkeleg på seg sjølve. Det er ein fin gjeng, så følg med! oppmodar Marianne Nordhus.

Utfordringar under innspeling

Som seg så hør og bør, fekk filmskaparane, og ikkje minst deltakarane, eit nokså skrekkeleg møte med naturkreftene – det pøsregna og bles sidelengs store delar av innspelinga.

– Vêret var jo sjølvsagt så dårleg som det kan bli på Vestlandet, men iblant kom det heldigvis nokre solglimt, konstaterer Bruvik.

– Og aller verst var det for dei som ikkje fekk sova innomhus, ler han med glimt i auget.

– Det var vêret eg var mest nervøs for på førehand, og så blei det verre enn eg frykta. Så plutseleg måtte vi spontant endra filminnspelingsstad for enkelte konkurransar. Men ein viktig lærdom sit vi attende med i ettertid: Strips skal alltid vera med på turar i framtida, ler Lillesand.

UTSTYR: I innspelingstida gjekk det med fleire paraplyar, sidan ein måtte verna alt det tekniske utstyret frå det ekstreme regnvêret som tider la seg over Fjelberg. Her held Håvard Røyrvik paraplyen over videokameraet til Karl Petter Vårdal under opptak.

UTSTYR: I innspelingstida gjekk det med fleire paraplyar, sidan ein måtte verna alt det tekniske utstyret frå det ekstreme regnvêret som tider la seg over Fjelberg. Her held Håvard Røyrvik paraplyen over videokameraet til Karl Petter Vårdal under opptak.


Produksjonslaget og deltakarane har alle hatt det knallgøy med innspelinga, noko redaktøren håpar vil visa igjen i episodane.

– Eg har vore veldig spent i forkant av innspelinga, men eg kjenner jammen meg endå meir på det no, fortel Bruvik, som er nervøs for korleis det heile vil bli motteke i Kvinnherad.

– Dette er den produksjonen eg er mest stolt over å vera med i, tenk at vi har klart å landa eit så stort prosjekt! skryt Lillesand.

– Og det er rett og slett kjempebra, synest no i alle fall eg, ler ho.

– Kva blir det neste prosjektet?

– Kan du spørja meg etter jul? ler Lillesand, for ho legg til:

– Nokon nye stunt må det jo bli i 2019, sjølvsagt. Men enn så lenge er det hemmeleg.

Så no er det berre til å stålsetja seg og finna fram kakaoen – heile Kvinnherad følgjer med idét ti av våre lokale heltar barkar saman i kamp!

    Send tekst og bilde «

    Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

    Artikkeltags