Juleshow med humor så sveitta renn

JULESHOW: Om få dagar har juleshowet premiere, og det er fortsett mogeleg å kjøpa billett. Her ser vi Grim Moberg og Karianne Solheim under førebuingane, ikledd dei vakre og tidsriktige julekleda sine.

JULESHOW: Om få dagar har juleshowet premiere, og det er fortsett mogeleg å kjøpa billett. Her ser vi Grim Moberg og Karianne Solheim under førebuingane, ikledd dei vakre og tidsriktige julekleda sine.

Med premiere på fredag, er det full rulle på scena og alle involverte øver iherdig for å gi publikum ei humor-fylt oppleving og meir til.

DEL

– Eg har høyrt at fleire trur det er utselt, men det er framleis nokre billettar att, fortel Karianne Solheim.

Lattermilde sit ho og vossingen Grim Moberg, no busett i Bergen, i sofaen og diskuterer juleshowet som snart har premiere. Showet vil gå av stabelen heile fire gonger, fredag og laurdag den siste helga i november og første helga i desember.

– Folk kan forventa seg mykje humor forkledd i nye ting, musikalske innslag og i tillegg blir det gjensyn med gode gamle figurar – gjerne i ei ny innpakning, smiler Karianne.

– Som komikar må det jo koma litt stand-up òg, legg Grim til medan han hever bryna.

Grim er ikkje som komikarar flest. I innslaga er det alltid han sjølv det går verst utover, då den største inspirasjonskjelda og «hoggestabben» forklarleg nok er mannen sjølv.

– Eg kjenner mange komikarar som gjer ein annan figur på scena for å trekka damer etterpå. Meg vil dei knapt klemma etter enda show.

– Det seier vel sitt, ler dei to.

Første samarbeid

Det er første gong Karianne og Grim har gleda av å jobba saman profesjonelt.

– Eg såg Grim under sommerrevyen på Stord for to år sidan, og blei rett og slett heilt bergtatt og tenkte «Han MÅ eg jobba med ein gong!», fortel ho.

– Og resten er historie, føyer Grim til.

Det er også første gang den pinnekjøttglade vossingen skal stå på scena i Kvinnherad, og han gler seg stort.

– Grim gir alltid alt på scena, og du kjem vel aldri av scena utan at sveitta renn? spør Karianne og vender seg til Grim.

– Ja, vi snakkar litervis her, svarar han.

– Men den personlege hygienen min er ganske bra, eg dusjar minst to gonger om dagen, held den sjølvironiske mannen fram.

– Ja, du luktar alltid godt, forsikrar Karianne.

– Eg har faktisk fire forskjellige deodorantar eg brukar, legg Grim stolt til.

Karianne bryt ut i latter og understrekar at dei har det veldig morosamt med førebuinga, og at Grim minner veldig mykje om ho sjølv:

– Han gir alt, og han er så sjølvironisk. Eg kjenner meg sjølv godt igjen i Grim. Eg trur Kvinnherad-publikummet blir veldig glad i han.


Null stress

Premierekvelden er farleg nært, men det er ikkje teikn til stress på scena.

– Det er mange dagar til fredag, smiler dei to.

Det meste er under kontroll og dei håpar dei siste finjusteringane er på plass til generalprøva på torsdag.

– Det er nokon som seier at dårleg generalprøve gir god premiere, men eg lever heller etter mottoet «god generalprøve gir god premiere», fortel Grim.

Det er ikkje vanskeleg å skjøna kvifor desse er i «showverda». Det manglar ikkje på sjølvironi og dei kan verkeleg by på seg sjølve. Saman med Nils Trygve Markhus og resten av juleshow-gjengen står dei klare for å gi publikum ein julekveld dei seint kjem til å gløyma.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags