Åsmund og Tone blei regelrett stemt ut

VONDT: I episode 13 av Kamp Kvinnherad blei Åsmund Lilleaas stemt ut av det motsette laget. Det same blei Tone Lillesletten.

VONDT: I episode 13 av Kamp Kvinnherad blei Åsmund Lilleaas stemt ut av det motsette laget. Det same blei Tone Lillesletten.

Deltakarane i Kamp Kvinnherad har nett vore gjennom den tøffaste konkurransen så langt i tevlinga. Dei måtte stemma ut ein deltakar frå det andre laget.

DEL

– Det var vondt, seier Åsmund Lilleaas, som måtte takka for seg etter at det gule laget stemte han ut av Kamp Kvinnherad.

Saman med Tone Lillesletten frå det gule laget måtte dei ta farvel med dei andre deltakarane og vandra av garde mot ferja for å tre inn i rekkene blant vanlege folk igjen.

– Det var ein veldig kjip måte å ryka på. Samtidig har det kanskje spart meg for framtidige skivebom, for det kunne jo ha vore veldig flaut å ryka på ein konkurranse eller tvekamp eg innlysande skulle vore god i, understrekar Åsmund.

Konkurransemannen

Åsmund har utmerka seg i både positiv og negativ forstand i fleire konkurransar, og sjølv trekk han fram støvelkasting som ein favoritt.

– Her var alt lagt til rette for meg å vinna, iallefall sånn reint fysiologisk sett med høgda og lange bein. Berre litt synd at Nils Trygve skulle slå meg då.

Det flauaste i ettertid var nok øvinga Åsmund omtalar som «madrassaken». I badeøvinga kryssa han mållinja som nest sistemann. Han fekk rett og slett ikkje luft i madrassen.

«MADRASSAKEN»: Her heldt det på å gå gale for Åsmund Lilleaas, som ikkje klarte å få luft i madrassen. Han klarte å karra seg til ein nest sisteplass og fekk gleda av å vera med vidare i konkurransen - heilt til det motsette laget stemte han ut. Tone Lillesletten står like bak Åsmund, og gjorde det riktig bra i øvinga.

«MADRASSAKEN»: Her heldt det på å gå gale for Åsmund Lilleaas, som ikkje klarte å få luft i madrassen. Han klarte å karra seg til ein nest sisteplass og fekk gleda av å vera med vidare i konkurransen - heilt til det motsette laget stemte han ut. Tone Lillesletten står like bak Åsmund, og gjorde det riktig bra i øvinga.

– Det var jo mi tid til å skinna, eg skulle visa at eg kunna svømma. Verken svigerfar eller kona var særleg imponert. Eg skulle nok tatt meg ti sekund og sett på dei andre deltakarane og brukt hovudet litt i staden for å stå der og blåsa som ein tulling, innrømmer han.

Den utstemte mannen trekker også fram førestillinga som eit høgdepunkt.

– Å vera på lag med Nils Trygve Markhus og spela revy var ganske kjekt, og eg fekk eit slags «Leif Juster-kall» kan du seia.

Etter å ha studert opptaka i ettertid, er han ikkje like sikker i si sak.

– Det var vel rimeleg kleint å sjå min versjon av Jesus. Men alt i alt bidrog eg no, og laget drog sigeren i hamn.

Kjendislivet

Det var tøft for Åsmund å venda tilbake til kvardagen etter å ha vore i ei «reality-boble».

– Eg lider av post-traumatisk stress, så eg lurer på kor støtteapparatet til Kvinnheringen er i ein slik situasjon? spør han.

Mannen har verkeleg fått kjenna på kjendislivet, og spesielt eitt av hans mange utsegn i serien har skapt stor «blæst» og blitt ei ekstra belastning for nær familie, nærare bestemt foreldra.

– Eg har heilt nydelege foreldre. I eit forsøk på å spøka kom eg med ein tullete kommentar om utsjånaden, og folk har jo gått rett på og trudd eg har meint det, ler Åsmund.

– Dei som kjenner meg veit at eg er ein fyr som støtt og stadig fyrer av flåsete og teite kommentarar.

No skal han bruke dei neste vekene og jula til å koma seg til hektene igjen.

– Ideelt sett skulle alle deltakarane blitt sendt til sydlegare strøk når dei må forlata konkurransen. Då hadde eg fått eit gjensyn med Geir Jakobsen på Tenerife, og han skulle fått tøff konkurranse i handbak, konstaterer Åsmund, som tydeleg har sjølvtilliten på topp etter å ha blitt sett på som den sterkaste konkurrenten frå det motsette laget.

– Ei mager trøyst

Tone Lillesletten (49) frå Sunde synest det var stas å vera med på Kamp Kvinnherad, men likar dårleg måten det skjedde på då ho og Åsmund måtte reisa heim.

Tone Lillesletten måtte forlata Kamp Kvinnherad på verst tenkeleg måte.

Tone Lillesletten måtte forlata Kamp Kvinnherad på verst tenkeleg måte.

– Det var vel den verste måten det kunne skje på. Det er jo ei mager trøyst at det andre laget syntest eg var den sterkaste konkurrenten, seier Tone til Kvinnheringen, og held fram:

– Dei to siste arbeidsdagane har eg hatt mange folk innom butikken, og dei synest lite om måten det skjedde på. Eg seier at dei ikkje må slutta å sjå på, for det er enno mykje gøy i vente.

– Korleis var opplevinga di på Fjelberg?

– Eg kunne ikkje vore forutan. Vi visste jo ingenting på førehand, men i ettertid tenker eg på kor gøy vi hadde det. Det var heile pakken, og så kjekt å få bli kjent med alle som var med! Eg hadde nok angra om eg hadde sagt nei, og sett på det i ettertid. Sjølv om eg ikkje likar å vera på TV eller video, avsluttar Lillesletten.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags