Han rauk først ut av Kamp Kvinnherad – ho var den einaste som tippa riktig

I måndagens episode blei det klart kven som måtte reisa heim frå Kamp Kvinnherad som første deltakar. Karoline Johnsen var den einaste som tippa riktig i Kvinnheringen sin konkurranse.

I måndagens episode blei det klart kven som måtte reisa heim frå Kamp Kvinnherad som første deltakar. Karoline Johnsen var den einaste som tippa riktig i Kvinnheringen sin konkurranse. Foto:

Ølve sin store son, Stian Skarvatun, var den første som rauk ut av Kamp Kvinnherad.

DEL

Det blei ein tårevåt avskjed då deltakarane måtte ta farvel med 32-åringen frå Ølve i episode 10 av Kamp Kvinnherad måndag. Han blei den første som måtte pakka sekken og venda nasen heim frå Fjelbergøy.

Skarvatun føler han skuffa både seg sjølv og andre, etter den famøse episoden der han ikkje klarte å få luft i bademadrassen sin. Lenge før han hadde fått luft i madrassen, hadde vinnaren av øvinga, Linda Røyrøy, kome i mål.

– Dette var skrekkeleg gale, eg har aldri i mitt liv blåst opp ei bademadrass. Eg fekk berre ikkje luft i den, og ana ikkje at eg måtte kneppa på den tuten for å få luft i den, forklarer Skarvatun.

Han blåste og blåste, og måtte sjå dei andre deltakarane få luft i madrassane.

– Eg hadde som mål å ikkje vera den som rauk først, men jammen vart eg det. Det er skrekkeleg pinleg.

Det gjekk ikkje lange tida etter badeepisoden at mobbinga av Skarvatun starta.

– Både gjennom meldingar og på jobb er det blitt kraftig kommentert. Dei var litt sjokkerte over at eg ikkje fekk luft i madrassen.

Saka held fram under bildet.

Glad eg var med

Sjølv om Skarvatun no er ute og fekk kortast opphald på Fjelberg, angrar han ikkje på at han var med.

– Det var fantastisk moro, og eg vart kjend med så mange trivelege folk. Det var stas å vera med og by litt på seg sjølv, seier han.

Men Skarvatun åtvarar sine fans mot å slutta å sjå på:

– Eg fekk nokre skuffa meldingar frå folk som sa at no ville dei ikkje sjå meir, men eg har sagt til dei at dei kan jo aldri vita kva som kan skje vidare og at dei bør henga med, skrattar Skarvatun.

– Elles må eg seia at eg den dag i dag, er skrekkeleg irritert på det med den madrassen. Eg hadde jo trent litt på førehand, men såg liksom ikkje denne øvinga koma.


Vann 1.500 kroner

I samband med årets julekalender på Kvinnheringen.no, spurde vi sjåarane våre om kven dei trudde kom til å bli den første som måtte forlata prestegarden.

Stian Skarvatun fekk éi fattig stemme, og det dagen før episode 9, der Skarvatun kom sist i svømmekonkurransen.

Vinnaren er Karoline Johnsen (49) frå Husnes, tidlegare kollega av Skarvatun.

– Eg kjenner jo til dei fleste deltakarane i serien. Stian er ein kjempefyr. Han er artig og hyggjeleg, men han eige ikkje konkurranseinstinkt. Derfor gjekk stemma mi til han, ler Karoline, og held fram:

– Eg har fått med meg alle episodane til no. Det er kjempeartig å sjå på! Eg ser dei på senga kvar kveld. Eg håpar vi får sjå Stian igjen, avsluttar vinnaren av gåvekortet.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags