Kan få tilbod for mindreårige

Valen sjukehus sett frå lufta i fjor sommar. (Arkivbilde).

Valen sjukehus sett frå lufta i fjor sommar. (Arkivbilde).

Artikkelen er over 6 år gammel

Valen sjukehus bur seg på å kunna ta imot mindreårige psykisk sjuke som har særskilde behov for tilsyn og oppfølging.

DEL

Denne månaden starta eit nytt prosjekt opp på Valen sjukehus. Ei prosjektgruppe skal sjå om det er mogleg å kunna ta imot mindreårige pasientar med behov for tilsyn og behandling heile døgeret.

– Det som vil vera aktuelt her, er å sjå om ein kan gje eit utvida tryggleikstilbod ved sjukehuset, der ein kan ta imot pasientar under 18 år som grunna psykiske lidingar har trong for eit heildøgns omsorgs- og behandlingstilbod, fortel Kenneth Eikeset, klinikkdirektør for psykisk helse i Helse Fonna.

– Har ein tilsvarande tilbod i Helse Fonna frå før?

– Vi har ikkje tilbod som dette i dag, utanom dagens tryggleiksavsnitt ved Valen sjukehus. Det er dette avsnittet vi no vil utvida.

– Kvifor vil de sjå på eit slikt tilbod no?

– Det kan eg ikkje gå inn på, svarer klinikkdirektøren.

Om sjukehusbygget fysisk vil bli utvida, er uvisst.

– Vi ser først og fremst på den byggingsmassen vi har i dag, og prøvar å få det meste til innanfor denne.

– Kva med personalet, blir det fleire tilsette?

– Det er det for tidleg å seia noko om på noverande tidspunkt, seier Eikeset.

Prosjektet skal gå til sommaren, og om det fører til dei konklusjonane ein søkjer svar på, kan tilbodet derfor stå klart kort tid etterpå.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags