Regionsenter for klatring

KLATRE: Joa Saghaug Kroka (11) liker veldig godt å klatra, og svingar seg frå det eine festet til det andre på kort tid.

KLATRE: Joa Saghaug Kroka (11) liker veldig godt å klatra, og svingar seg frå det eine festet til det andre på kort tid.

Klatregruppa i Uskedalen arbeider no med å få realisert eit regionsenter i klatreeldoradoet Uskedalen. Onsdag ettermiddag presenterte dei planane for lokalpressa.

DEL

Stadig fleire har tatt til seg interessa for å klatra, noko dei merkar godt i klatremiljøet i Uskedalen.

– Slik situasjonen er i dag, har vi vakse ut av klatreveggen i gymsalen i Uskedalen, seier Steinar Haugland og Christoffer Fossli, to av pådrivarane og eldsjelene for klatreklubben.

Dette vil klubben gjera noko med, og planane er klare: Dei vil ha eit påbygg ved skulen i Uskedalen som skal husa eit nytt regionssenter.

– Vi tenker å få etablert eit sør-vest regionsenter for klatring her. Det nye senteret vil innehalda ein klatrevegg på 20 meter, som er eit lite hopp opp frå veggen på 12 meter vi har i dag.

OPPSVING: Stadig fleire begynner med klatring, og klatreklubben i Uskedalen har hatt eit stort oppsving i talet på medlemmar, som kjem tilreisande frå heile kommunen.

OPPSVING: Stadig fleire begynner med klatring, og klatreklubben i Uskedalen har hatt eit stort oppsving i talet på medlemmar, som kjem tilreisande frå heile kommunen.

I tillegg ser dei at styrkerommet ved skulen begynner å bli for lite.

– Vi vil også laga eit nytt treningssenter, fordi vi ser at dette er aktivitetar dei unge likar å halda på med, held dei to karane fram.

Klatretrening

Ei av dei som har møtt opp for å klatra på treninga denne kvelden er vesle Joa Saghaug Kroka (11) frå Uskedalen. Ho svingar seg lett opp langs den 12 meter lange veggen, og ringer i ei bjelle som heng øvst idet ho når toppen.

– Eg har klatra ein del no i vinter og synest det er veldig kjekt, smiler ho.

Deltakarane på klatretreninga kjem frå heile kommunen. Per i dag er kapasiteten sprengt, og alle kursa er fullbooka.

– Mykje ungdom i alderen 16–17 år er med i klatregruppa, så vi har veldig lyst til å vidareutvikla det tilbodet vi har til denne aldersgruppa, seier Haugland.

HØGT: Veslemøy Haugland (t.v.) hadde tidlegare høgdeskrekk, men denne frykta er ikkje lenger så framtredande lenger. No synest ho klatring berre er kjekt.

HØGT: Veslemøy Haugland (t.v.) hadde tidlegare høgdeskrekk, men denne frykta er ikkje lenger så framtredande lenger. No synest ho klatring berre er kjekt.

Klatremiljøet

Det er i dei innandørs klatreveggane nybegynnarane tar sine første tak. Neste trinn er å bevega seg utandørs. I Uskedalen har dei no to veggar utandørs ved Ulvenaso: Ein 30 meter lang vegg ved Børsdalen og ein 250 meter lang ved Låganaso.

– Det kjem tilreisande frå heile verda som ønskjer å klatra i veggane vi har tilgjengeleg utandørs her i Uskedalen. Noko som gjer tankane om eit regionsenter endå meir attraktivt, seier Fossli.

Ein av dei som blei bergtatt av naturen og mogelegheitene for utandørs aktivitetar som klatring og ski, var Fossli sjølv. Å få han til bygda er noko Haugland meiner har vore avgjerande for den oppsvingen dei no ser i klatremiljøet:

– Christoffer har vore og er ein sterk ressursperson for klatremiljøet. Han vil heilt klart vera viktig for å ta planane for klatresporten vidare i Kvinnherad, skryt Haugland.

Vegen vidare

– Vi er no komne til det punktet at vi treng å leiga inn konsulentar og arkitektar for det tiltenkte nybygget, seier Haugland.

REGIONSENTER: Steinar Haugland og Christoffer Fossli har saman med ei prosjektgruppe laga klar planar om få på plass eit regionsenter for klatring i Uskedalen. Senteret vil i tillegg til klatrevegg, ha eit nytt treningssenter og ein arena kor dei unge kan vera sosiale.

Til no har alt vore basert på frivillig arbeid, men eit bygg som dette vil kosta pengar, og dei er no avhengige av økonomisk støtte for å realisera draumen om eit regionsenter. Noko dei to pådrivarane meiner vil vera eit løft for Kvinnherad kommune.

– Det handlar litt om å utnytta dei potensiala vi har, for vi bur rett og slett i ei perle av ein natur her i Kvinnherad. Noko folk frå heile verda begynner å retta blikket mot.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags