70 millionar til arbeid mot marin forsøpling

Her frå frivillig strand- og fjørerydding på Halsnøy i fjor. Frivillige organisasjonar, kommunale selskap og bedrifter kan søke om pengar til prosjekt mot marin forsøpling. (Arkivfoto).

Her frå frivillig strand- og fjørerydding på Halsnøy i fjor. Frivillige organisasjonar, kommunale selskap og bedrifter kan søke om pengar til prosjekt mot marin forsøpling. (Arkivfoto).

Av

Miljødirektoratet deler ut 70 millionar til opprydding av og tiltak mot marin forsøpling i 2020.

DEL


No kan frivillige organisasjonar, kommunale selskap og bedrifter søke om pengar til prosjekt mot marin forsøpling.

I fjor gav Miljødirektoratet tilskot til 69 ulike prosjekt.

– Prosjekta i fjor har til saman gjort ein tydeleg forskjell for miljøet. Eg håper at vi også i år får inn mange gode søknader, seier direktør i Miljødirektoratet, Ellen Hambro, i ei pressemelding.

Dei siste åra har marin forsøpling verkeleg vorte sett på dagsordenen. Ifølgje Miljødirektoratet er det ein av dei store miljøutfordringane vi har, og det ser ut til å bli meir og meir. Avfallet utgjer stor risiko for dyre- og fugleliv, og er kvart år ein betydeleg kostnad for samfunnet, skriv direktoratet i pressemeldinga.

Støtteordninga prioriterer støtte til rydding i strandsone og på havbotnen, og har søknadsfrist 7. februar.

(NPK)

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags