Mobiliserer for ny skulestreik for klimaet

Det vart halde fleire store skulestreikar for klima i fjor. Her frå KVV sin. (Arkivfoto).

Det vart halde fleire store skulestreikar for klima i fjor. Her frå KVV sin. (Arkivfoto).

Av
DEL


Ei rekkje ungdomsorganisasjonar mobiliserer for ein ny skulestreik for klimaet 24. april.

Natur og Ungdom, KFUK-KFUM, Global, Spire, World Saving Hustle og Changemaker står bak streikearrangementa.

Den same dagen er det og planlagt skulestreikar i ei rekkje andre land.

– Vi unge har ikkje vorte høyrde i klimasaka. Har vi ikkje sagt ifrå tydeleg nok? I så fall kjem vi til å gjere det når vi tar ut til ny storstreik for klima 24. april, annonserer Tina Razimafimby Våje. Ho er ein av initiativtakarane til streiken.

(©NPK)

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags