Ho blir ny kommunedirektør

Ragnhild Bjerkvik blir ny kommunedirektør dersom kommunestyret vil det. (Foto: Haugesunds Avis).

Ragnhild Bjerkvik blir ny kommunedirektør dersom kommunestyret vil det. (Foto: Haugesunds Avis).

Artikkelen er over 1 år gammel

Alt tyder på at det er Ragnhild Bjerkvik (50) frå Haugesund som blir ny kommunedirektør i Kvinnherad.

DEL

Det var totalt ti søkjarar på stillinga som kommunedirektør i Kvinnherad, etter at Odd Ivar Øvregård gjekk av som rådmann i kommunen rett før sommaren.
 

Bjerkvik som truleg får tilbod om jobben, er i dag dagleg leiar i Aski AS på Karmøy. Dette er ei arbeids- og inkluderingsbedrift som blei etablert i 1973, der ho har vore leiar i rett over fire år.

Bjerkvik er òg styremedlem i Sunnhordland Kraftlag AS, AOF Haugaland, Haugaland Kraft og Næringsforeningen Haugalandet. Tidlegare har Bjerkvik vore administrasjonsleiar ved Karmsund vidaregåande skule, HR-rådgjevar i Haugesund kommune og personalsjef i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Bjerkvik har òg vore svært aktiv i Arbeiderpartiet dei siste ti åra, og er i dag nestleiar i Rogaland Arbeidarparti. Ho har òg vore leiar i Haugesund Arbeiderparti.

Det er kommunestyret som gjer endeleg vedtek om Bjerkvik skal få jobben. Det skjer i kommunestyremøtet 29. november.

– Eg er orientert om innstillinga. Dersom dei følgjer den, er eg klar for å begynna i stillinga, seier Bjerkvik til Kvinnheringen torsdag.

– Det er ein spennande jobb, men eg har ikkje lyst å seia så mykje meir før etter at kommunestyret har gjort vedtaket sitt, seier ho.

Dersom kommunestyret vil det, tar 50-åringen til i stillinga 1. mars 2019. Ho får ei lønn på nærmare 1,2 millionar kroner, ifølgje innstillinga til kommunestyremøtet.

Ordføraren seier i ei pressemelding at han er svært nøgd med at kommunen no for første gong kan få ei kvinne i denne stillinga. Bjerkvik vil også vera den første i Kvinnherad med tittelen kommunedirektør, som erstattar den tidlegare rådmann-tittelen.

– Eg har ikkje tenkt så mykje på det, men det er jo hyggjeleg, avsluttar ei ordknapp Bjerkvik.

Slik såg heile søkarlista ut:
To kvinnheringar har søkt stilling som ny rådmann

«Tilsettingsutvalet (eit utvida administrasjonsutval) har i møte 19.11.18 vedteke å innstilla Ragnhild Bjerkvik (50) frå Haugesund som ny kommunedirektør i Kvinnherad kommune», skriv ordførar Peder Sjo Slettebø i ei pressemelding torsdag. Innstillinga var samrøystes.

«Bjerkvik har solid kompetanse og erfaring frå både privat og offentleg sektor. Hennar evne til utvikling og resultatoppnåing er godt dokumentert. Ragnhild Bjerkvik har brei utdanning innan økonomi, administrasjon og leiing, og har i dag ei rekke styreverv. Ho har politisk erfaring frå folkevald nivå i Haugesund kommune, og frå politisk arbeid på kommune- og fylkesnivå.

Tilsettingsutvalet er trygg på at vi har innstilt rett person til stillinga som kommunedirektør. Utvalet ser fram til å samarbeida med Bjerkvik, og meiner at ho – gjennom erfaring, dokumentert kompetanse og evne til strategisk tenking – vil vera ein viktig bidragsytar til ei positiv utvikling av tenester og lokalsamfunn i Kvinnherad kommune», står det vidare.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags