Kraftig vekst i humanistiske konfirmantar: – Trur mange fleire ville valt denne forma om dei visste meir om den

Karl Petter Vårdal og Gaute Lund leier den humanistiske konfirmasjonen. (Arkivfoto).

Karl Petter Vårdal og Gaute Lund leier den humanistiske konfirmasjonen. (Arkivfoto).

I 2018 var det ti personar som konfirmerte seg humanistisk i Kvinnherad. I år vert talet meir enn dobla.

DEL


Gaute Lund og Karl Petter Vårdal leia den humanistiske konfirmasjonen i fjor og hadde ansvaret for dei ti konfirmantane.

Påmeldinga til årets konfirmasjon har meir enn dobla seg, og til våren står 22 ungdommar til humanistisk konfirmasjon. Om denne trenden held fram er det for lite med dei to kursleiarane som er i dag.

Gaute Lund fortel at dei skal klara å gje alle eit tilbod inneverande år, men dersom det aukar meir vil ein ikkje klara det til neste år.

– Vi har med andre ord ei oppmoding. Dersom det er nokon som kunne tenkt seg ei slik oppgåve er det berre å ta kontakt. Dei som eventuelt er interesserte kan få «hospitera» på ein eller fleire av kurskveldane vi skal ha i vår. Det blir òg sett opp eige kurs for kursleiarar ei helg på hausten i 2019, der ein vil få solid opplæring.

Karl Petter Vårdal trur årsaka til ein del av veksten er at dei har vore flinkare å marknadsføra denne konfirmasjonen.

– Vi har vore litt meir frampå og hatt stand på senteret og snakka meir med folk. Dessutan har vi bede fjorårets konfirmantar om å snakka med konfirmantane som kjem etter dei om opplegget. Fleire avisoppslag i Kvinnheringen har nok òg vore til hjelp, seier Vårdal.

– Veksten i konfirmantar kjem i hovudsak frå indre deler av kommunen som Rosendal og Omvikdalen, men òg fleire frå ytre Kvinnherad, seier Vårdal.

– Vi tar imot alle som vil, og eg trur kanskje det er mange fleire som ville valt denne forma for konfirmasjon om dei visste meir om den, seier Vårdal.

Opplegget for konfirmantane er kurs annakvar veke frå 22. januar. I tillegg får elevane ein overnattingstur til Bergen, der dei blant anna får møta andre humanistiske konfirmantar frå Hordaland.

Vårdal opplyser vidare at dei no er i full gang med planlegginga av årets seremoni som skal vera i kulturhuset på Husnes første laurdagen i mai.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags