Kongeleg gull og sølv

Hausten 2006 fekk psykiater Tjerand Lunde (t.v.). kongens gull frå fylkesmannen sin utsende.

Hausten 2006 fekk psykiater Tjerand Lunde (t.v.). kongens gull frå fylkesmannen sin utsende. Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

www.kvinnheringen.no: Kongens fortenestemedalje har vore delt ut sidan 1908. Men kor mange kvinnheringar har fått kongens gull eller sølv?

DEL

Medaljen blir delt ut «til løn for innsats innan kunst, vitskap og næringsliv, og for framifrå forhold i offentleg teneste». Medaljen blir delt ut i gull eller sølv. (Sjå Kvinnherad-lista nederst i artikkelen).

Søknadsprosessen er litt spesiell. Ei gruppe personar må ta initiativet sjølv og formulera ein søknad på vegner av kandidaten (som oftast er uvitande om det heile). Det må òg hentast inn attestar og tilrådingar frå relevant hald, før søknaden blir sendt til fylkesmannen.

Men kva kvinnheringar er det som har fått denne kongelege heideren?

Kommunen har ikkje oversikt, og viser til Fylkesmannen i Hordaland. Der i garden blir søknader om kongeleg heider finsikta og sortert, før dei eventuelt går vidare til kongehuset. Fylkesmannen tar seg òg av utdelingane, men har ikkje kommunevis oversikt over kven har fått kongeleg gull eller sølv, eller er slegne til riddarar.

– Slottet har arkivet på nett, får me opplyst hos Fylkesmannen i Hordaland.

www.kongehuset.no

Og kongehuset sin nettstad (www.kongehuset.no) har eit hendig nett-arkiv over kven som har fått kongeleg heider av ymse slag. Når det gjeld fortenestemedaljar, skal arkivet vera komplett heilt tilbake til då medaljen vart stifta av Kong Haakon VII 1. februar 1908. Men du kan ikkje søkja kommunevis – kategoriane er årstal, namn, tittel og postadresse/bygd.

Etter litt søking, viser det seg at ikkje alle i registeret er ført opp med postadresse. Dermed må du faktisk kjenna namnet til poststyrar Sara Rørvik, for å finna ut at ho fekk kongens fortenestemedalje i 1976. Ho er nemleg ikkje ført opp med noka adresse i arkivet.

Ved å søkja bygdevis, fann me ein del heiderskvinner og -menn frå Kvinnherad. Kjende, kvinnherske familienamn gav oss nokre til, og ved å bla i Kvinnheringen si jubileumsbok «Da sto i aviso» (avisklypp frå 1973–1997), fann me truleg dei fleste dekorerte frå denne perioden.

Hjelp!

Men me har laga over kvinnheringar med fortenestemedaljar er ikkje komplett. Her håpar me lesarane kan hjelpa oss. Send gjerne epost til underteikna, sms til 99520861, eller ring 53482148 i kontortida.

St. Olav

Den kongelege norske St. Olavs Orden (oppretta av Kong Oscar I, 1847) heng høgare enn fortenestemedaljen. Dei tre ferskaste utdelingane til kvinnheringar var til Johannes Eide i desember 2006, og til Anne Grete Honerød og Reidar Nedrebø i november 2005. I begge tilfella var det tale om Riddar av 1. klasse.

Veit du om fleire kvinnherske riddarar – ta kontakt!

Fortenstordenen

Den Kongelege Norske Fortenstordenen vart stifta av Kong Olav V i 1985. Ordenen blir tildelt norske og utanlandske borgarar som løn for særleg fortenstfullt vyrke for norske interesser.

I 2002 vart dåverande ambassadør i Ottawa, Canada, Ingvar Havnen, utnemnt som riddar av 1. klasse Den Kongelege Norske Fortenstordenen. Havnen er opprinneleg frå Rosendal.

– Godt tiltak

Også ordførar Synnøve Solbakken kunne tenkt seg ein oversikt over dekorerte kvinnheringar:

– Eg håpar Kvinnheringen – med god hjelp frå lesarane – kan laga ein god start på ei slik liste. Så kan kommunen ta over og føya til etter kvart som det blir delt ut meir kongeleg heider.

Kongens fortenestemedalje

11.11.2009: Daglig leiar Trygve Fredheim, Mauranger, sølv.

30.08.2007: Daglig leiar Jan Frank Christiansen, Uskedalen, sølv.

20.10.2006: Psykiater Tjerand Lunde, Valen, gull.

13.12.2004: Fagkonsulent Kåre Haugse, Rosendal, sølv.

01.07.1999: Bonde Berge Sæberg, Dimmelsvik, sølv.

01.07.1997: Verkstadarbeidar Eivind Steinsletten, Dimmelsvik, sølv.

01.07.1997: Bonde Ingvald Skålnes, Åkra, gull.

01.07.1997: Budeie Anny Hegland, Matre, sølv.

01.07.1996: Skipsbyggjar Thorvald Hellesøy, Løfallstrand gull.

01.07.1991: Elektromontør Olav Haugland, Uskedalen, sølv

01.07.1989: Eskestuar Astrid Kaldestad, Sandvoll, sølv.

01.07.1989: Falsemakar Ragnvald Pedersen, Sæbøvik, sølv.

01.07.1985: Organist Olav Koløy, Sæbøvik, sølv.

01.07.1981: Folkehøgskulerektor Sigurd Sandvik, gull.

01.07.1980: Gardbrukar og vêrobservatør Harald A. Mehl, Rosendal, sølv.

01.07.1976: Poststyrar Sara Rørvik, Husnes, gull.

01.07.1975: Gerhard Skaala, Rosendal, sølv.

01.07.1974: Lærar Tor Djuve, Åkra, sølv.

01.07.1969: Vegvaktar Nils Huse, Herøysundet, sølv.

01.07.1969: Gardbrukar og vêrobservatør. Arnfinn Matre, Matre, sølv.

01.07.1967: Småbrukar Gustav Røyrvik, Sunde, sølv.

01.07.1967: Lærar og organist Andreas Abel Haugland, Uskedalen, sølv.

01.07.1964: Fiskar og bonde, Jens Røsland, Sunde, sølv.

01.07.1963: Gardbrukar Jan Anders Bondhus, Mauranger, sølv.

01.07.1960: Småbrukar Lars P. Haugland, Uskedalen, gull.

01.07.1959: Lærar og klokkar Askill Utaaker, Valen, sølv.

01.07.1959: Diktar Ragnvald Våge, Sunde, gull.

01.07.1958: Sjukehusdirektør Konrad Lunde, Valen, gull.

01.07.1954: Murar og anleggsarbeidar Gunnar Raustein, Valen, sølv.

01.07.1947: Lektor og kyrkjesongar Arne Stuland, Omvikdalen gull.

01.07.1946: Sjukepleiar Kari Aksnes, Valen, sølv.

01.07.1946: Løytnant Knut Nilsen Hjortland, Hatlestrand, sølv.

01.07.1925: Skipsbyggjar Hans Gravdal, sølv.

01.07.1925: Turistførar Gotskalk Andersen Gjerde, Austrepollen, sølv.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags