Vekas lokalavis på Morgenklubben

Saka om Luxus Leverpostei som spelar konsert på Husnes komande laurdag vekte merksemda til komikarane i Morgenklubben med Loven & co.

Saka om Luxus Leverpostei som spelar konsert på Husnes komande laurdag vekte merksemda til komikarane i Morgenklubben med Loven & co.

All PR er god PR, vert det sagt. Og i veka som gjekk fekk både Kvinnheringen og den komande Luxus Leverpostei-konserten litt ekstra merksemd i riksdekkande radio.

DEL

Det var i den populære radiosendinga Morgenklubben med Loven og co. på Radio Norge at Kvinnheringen blei trekt fram som vekas lokalavis i veka som gjekk. Éin av dei tre programleiarane, Geir Schau, nemnte i forbifarten at avisa blei årets lokalavis i fjor, men det var spesielt éi sak som vekte merksemd blant humoristane i radioprogrammet, nemleg saka om at Luxus Leverpostei skal halda konsert på Husnes laurdag. Etter å ha spelt eit utdrag frå ein av dei store hitane, «Plastisk kirurgi» – som til liks med dei andre songane til bandet kaller ein spade for ein spade, og ein penis for ein penis – viste Schau til at konsertbesøket var toppsak på kvinnheringen.no på det tidspunktet.

– Dette er 90-talets Mats Hansen. Dette er 90-talets alt som er. Folk elska det jo! Dette var partyband av beste eller verste sort, medan musikkmeldarar hata dei. Eg har vore på jobb med dei, og dei ser jo ikkje bra ut heller. Dei spelar i sånne Borat-liknande draktar, mimra Schau.

Han viste òg til at vokalist og gitarist Per Tore Bjerge, også kjent som Bob Kåre Moen, i Kvinnheringen-intervjuet uttala at publikummet til bandet er folk mellom 18-70 år.

– Eg er litt usikker på om dei som 70 kjem på den konserten, kommenterte Schau.

– Joda, dette er Husnes. Dei gjer nok det, repliserte Øyvind Loven.

Innslaget kan ein òg finna i radioprogrammet sin eigen podkast. Linken til den finn du her:

https://radioplay.no/podcast/morgenklubben-med-loven-co/lytt/2019827/?t=21m00s&fbclid=IwAR24Qzsr2MXZMdK15GZliARx9Nv4c1Qw8VG2LOMlKK4SkhD3l-yVeHWEjec

Innslaget er i Best of veke 39, 21 minutt ut i programmet.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags