Kontrollutvalet i Kvinnherad ønskjer fokus på etikkarbeid i kommunen. I komande møte i kontrollutvalet har dei invitert rådmanenn til å informera om dette. Dei ønskjer no informasjon om kva som er gjort på området siste året og kva som er planlagt å gjera det neste året. Dei vil òg ha informasjon om det er gjennomført dillemmatrening om etikkspørsmål eller situasjonar der ein kan møta spørsmålstillingar vedr. antikorrupsjon.

Utvalet vil òg ha svar på om det er halde kurs eller om nokon frå kommunen har delteke på seminar om desse temaene. Dette skal opp i møte 31. januar.