Garden til Vegard blir kalla «Høyteknologisenteret» etter store investeringar

Det har skjedd litt på garden Perane i Omvikdalen sidan Vegard Hjelmeland overtok etter far sin, og fekk den første høytørkaren sin i 2003.

DEL


På Perane gard i Omvikdalen møter vi bonden Vegard Hjelmeland. Han er oppvaksen i dalen, og overtok drifta etter far sin.

Til Perane kjem folk både frå fjern og nær, for å kjøpa fôr til dyra sine.

– Dei kjem tilbake år etter år, det er veldig kjekt, smiler den muntre bonden.

Han har produsert kvalitetshøy i ei årrekkje, og har utvida og utvikla seg i takt med tida. I dag har han ein stor kundekrets rundt om i heile fylket. Nokre reiser like frå Bergensområdet for å få tak i fôret.

Den spede byrjinga

Det tok ikkje lang tid etter at Vegard overtok garden, før han såg seg nøydd til å selja mjølkekvoten som høyrde til drifta.

– Det var rett og slett ikkje lønsamt nok med mjølkekyr. Vi har ingen dyr på garden i dag, forutan ti høns, og moglegvis snart ein katt, fortel han spøkefullt.

I staden brukte han energien til å produsera og selja siloballar, men heller ikkje det var det heilt store. Mellom anna fordi alt av utstyr måtte leigast.

– Silofôr har òg mindre verdi enn tørka høy, men eg såg absolutt eit potensial med å produsera fôr her. seier han.

I 2003 fekk han på plass sin første høytørkar i det allereie eksisterande driftsbygget på tunet:

– Det er utruleg kva som går bra når ein veit lite. Det var først då eg byrja søka litt rundt på internett, at eg fann ut av alt som kunne vore betre, ler han.

Den moderne teknologien gir Vegard eit produkt av høg kvalitet han kan selja. Skilnaden mellom vanleg høy, og høyet som er tørka på Perane ser ein både på farge, konsistens og lukt.

Den moderne teknologien gir Vegard eit produkt av høg kvalitet han kan selja. Skilnaden mellom vanleg høy, og høyet som er tørka på Perane ser ein både på farge, konsistens og lukt.

Etter kvart såg han at volumet blei for lite i forhold til potensialet, og i 2010 fekk han opp ein ny bygning. Volumet auka og han klarte å utnytta jorda fullt ut.

Samstundes kombinerte han drifta med ein fulltidsjobb, då høyproduksjonen ikkje drog inn nok.

Men til trass for større satsing, var heller ikkje det nye anlegget heilt sikkert, og det var ikkje alltid at viftene klarte å tørka høyet som Vegard hadde brukt lang tid på å hausta:

– Anlegget henta luft utanfrå, så dersom det regna var det høg fukt i lufta som blir blåst inn. Då blei det nærmast umogleg å tørka høyet, og eg var heilt avhengig av godt vêr, forklarar han.

Høy-teknologisenter

Først då han kom over ei annonse i Bondebladet, om nymotens høytørke, kom han i kontakt med ein seljar frå Austerrike. Då byrja høyballen å rulla.

Den nye teknologien sparar bonden for mykje bekymringar, og gir full kontroll over tørkeprosessen.

Den nye teknologien sparar bonden for mykje bekymringar, og gir full kontroll over tørkeprosessen.

– Det tok ytterlegare to til tre år å få realisert prosjektet. Det var ein lang prosess å få støtte hos Innovasjon Norge. Teknologien var heilt ny for dei. Men Tore Eik på Landbrukskontoret skal ha mykje av æra for at dei til slutt blei med på laget, fortel han.

Det er ikkje utan grunn at garden har fått kallenamnet «Høyteknologisenteret». I dag kan han tørka høy uansett vêr, og avfuktaren, som er på storleik med ein gjennomsnittleg byleilegheit, syter for at alt går knirkefritt for seg.

På telefonen kan han følgja med på både temperaturar og luftfukt, og skulle det vera noko gale, ja – så plingar også det inn på telefonen. Men teknologien har kosta nokre kroner, faktisk ein stad mellom 2.500.000 til 3.000.000.

Då anlegget var på plass, noko forseinka i august, var Vegard nummer to i landet med teknologien, og lærekurva har vore bratt:

– Ein tileignar seg kunnskap etter kvart. Produksjonen i år har ikkje vore så god som eg hadde håpa, då eg kom altfor seint i gang, fortel han, medan han peikar på eit berg av høy, som når like til mønet i taket.

Travelt

Framleis jobbar Vegard ved sidan av høydrifta. No som frilansar innan anlegg, og tek oppdrag når det høver seg.

– Det blir heilt klart travelt med jobb, gard og born som skal køyrast på aktivitetar, men dersom eg skulle driva med høytørking på heiltid, måtte produksjonen vore dobbelt så stor som den er i dag, fortel han og legg til:

– Og så mykje gras klarar eg ikkje å skaffa, men det er heller ikkje målet i seg sjølv. Det viktigaste for meg er å produsera så godt høy som mogleg, og ha fornøgde kundar som kjem igjen og igjen.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags