Det er sjeldan desse korpsa er samla på denne måten. I høve 100-årsjubileet til Norges Musikkorps Forbund, fann vi i Husnes Musikklag ut at vi ville prøva å samla alle vaksenmusikantane i Kvinnherad til ein konsert der vi hylla jubilanten. Uskedalen Musikklag hadde eit anna oppdrag, så dei kunne dessverre ikkje stilla.
Dei tre musikklaga framførte først musikk kvar for seg, og høgdepunktet under konserten var då alle musikantane saman spelte fellesnumra «Choral and Rock-out» og marsjen «Arnhem».
Vi i Husnes Musikklag vil takka alle musikantane for innsatsen, dei tre dyktige dirigentane Clive Anderson, Bård Henrik Hereide og Yngve Nikolaisen, og konferansier Trygve Torjusen som losa oss trygt gjennom konserten med interessante opplysningar om stykka, komponistane og meir til.
På slutten av konserten blei vi dessutan overraska av fem representantar frå Sparebank1-stiftinga Kvinnherad. Dei hadde med seg 50.000 kroner til kvart av korpsa, og 235.000 kroner til lydanlegg og 330.000 kroner til tak i Rosendal Samfunnshus. Vi er alle takknemlege!
Britt Sollien,
leiar Husnes Musikklag.