Vil ha tilbake aksjar i SKL

DEL

Diskusjonen om sal eller fusjon av Kvinnherad Energi er heit for tida. Høgre og ordføraren kjem i tolvte time med eit nytt forslag som vil føra til at Kvinnherad på ny blir eigarar av SKL-aksjar.

På ein pressekonferanse onsdag ettermiddag fortel ordføraren om det Høgre trur kan vera ein samlande idé, og føra til at Kvinnherad beheld både Kvinnherad Energi og får aksjar i SKL. Dei set saman fram dette forslaget med KrF, Venstre og Framstegspartiet.

Ordføraren er klar på at kraftmarknaden er i endring. Små selskap fusjonerer med større, og det blir vanskelegare for dei minste. Dersom Kvinnherad beheld Kvinnherad Energi som i dag trur ordføraren det vil koma nedskjeringar og oppseiingar, fordi ein må effektivisera drifta.

Forslaget

Det nye forslaget til Høgre er at ein deler Kvinnherad Energi i to selskap, der nettdelen vert ein del og kraftproduksjonen ein del. Nettdelen byter ein så med aksjar i SKL, frå anten Haugaland Kraft eller BKK, som begge eig i SKL.

– Dette er alt drøfta med begge selskap, som seier seg positive til dette, seier Slettebø.

Han påpeikar at kommunen må sikra strenge vilkår ved ein slika avtale, mellom anna for å sikra dei tilsette vidare jobb. Målet er at dette kan sikra fleire arbeidsplassar i Kivnnherad enn i dag, seier Slettebø.

Han meiner at kommunen med ein slik avtale igjen vil få direkte påverknad og bli den tredje største eigaren i SKL, større enn Stord som har 2,4 prosent av aksjane.

Slettebø meiner å få aksjar i SKL vil vera svært bra for kommunnen.

– Sunnhordland Kraftlag har lange tradisjonar og svært godt omdøme i Kvinnherad. SKL har gjeve vesentlege bidrag til velferd og verdiskaping i lange tider kraftproduksjonen føregår i dag hovudsakleg i Kvinnherad, seier Slettebø.

Han viser til at alt overskot frå SKL i dag går ut av kommunen. Siste rest går ut når Fjelberg Kraftlag truleg vert seld til Haugaland Kraft i 2019.

– Aksjar i SKL er eit svært godt papir for Kvinnherad kommune å sitja på. Dette vil sikra kommunen og innbyggarane føreseielege og betydelege inntekter i lange tider framover. Eigarskap i SKL vil trygga og vidareutvikla velferda i Kvinnherad. Etter mi vurdering vil eigarskap i SKL gje Kvinnherad kommune vesentleg meir avkastning over tid enn kommunen vil få gjennom å eiga nettdelen sjølv, seier Slettebø vidare. 

Sal

Ordføraren meiner at det alt er fleire som driv nett i Kvinnherad og at ein i framtida er avhengige av at større selskap driftar nettet. Det er mellom anna difor Fjelberg Kraftlag no truleg vert overteke av Haugaland Kraft, påpeikar han.

– I eit samarbeid med større selskap, der nettdelen av Kvinnherad Energi vert fusjonert, kan ein oppnå individuelle tilsettingsgarantiar i opp til 15 år for alle tilsette. Slike garantiar kan Kvinnherad kommune grunna i dag ikkje gje. Dessutan kan det gje rimelegare nettleige, som vil koma både private og næringsliv til gode, seier Slettebø.

Han ser og for seg at Kvinnherad Energi driv vidare med kraftproduksjon i Muradalen og at ein kanskje kan samarbeida med SKL for eksempel med det planlagde kraftverket i Onarheimslia.

– Eit slikt samarbeid kan bidra til å auka inntektene enno meir, og sikra arbeidsplassane enno betre. Dersom Kvinnherad Energi samarbeider med SKL om drift av fleire kraftverk, kan eit slikt samar-beid føra til at ein kan kjøpa seg inn i enno fleire kraftverk. Eit samarbeid med lokale småkraftprodusentar vil også kunna vera interessant, slår Slettebø fast.

Kvinnherad Breiband bør bestå som i dag, der 80% er eigd av Kvinnherad Energi.

Desse tankane vil ordføraren presentera i kommunestyret torsdag.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags