(Hardanger Folkeblad): Det går fram av ei pressemelding frå NVE tysdag.

Opovassdraget er eit verna vassdrag, men Stortinget har opna for konsesjonsbehandling av prosjektet.

Prosjektet var planlagt å gje flaumsikring av Sandvin og Odda, og produksjon av inntil 170 GWh kraft i året.

– NVE meiner at bygging av flaumkraftverket vil få vesentlege negative konsekvensar for landskapsopplevinga av Opo i Odda, som gjev ringverknader for blant anna rekreasjon og fiske. Ei utbygging vil vere negativ for fisk i Opo, særleg moglegheita for å reetablere storlaksbestanden, skriv NVE i tilrådinga.

Dei meiner utbygginga vil gje ei vesentleg kraftproduksjon og auka flaumsikring for eit avgrensa tal bygningar ved Sandvin.

NVE har allereie sikra Opo gjennom Odda til same nivå som NVEs andre sikringstiltak. Direktoratet meiner utbygginga for Odda by vil gje auka flaumsikring berre ved svært sjeldne flaumar.

– Etter NVE si meining vil ikkje fordelane vege opp for dei forventa negative effektane, skriv NVE.

Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga.

Les HFs spesialmagasin: Sikring av Opovassdraget

Odda kommune opplyser at tilrådinga no går på høyring etter alminnelege reglar. Dei skriv i ei uttale at den tek tilrådinga til etteretning.

- Vi vil setta oss inn i tilrådinga i høve konsesjonssøknaden og flaumlukealternativet. Samt gje våre tilbakemeldingar i høyring. Kommunen er oppteken av at staten tek tilstrekkeleg ansvar for flaumsikring av Opovassdraget. Vi er glade for at alternativa no har fått ei grundig vurdering etter vanleg standard.

Odda kommune har meint at ytterligare flaumsikring er nødvendig og meiner staten må ta ansvar for ei fullgod løysing.

- Vi vil gi bidrag i høringsprosessen. Spørsmålet er korleis Odda skal sikrast. Samt at staten må ta ansvar for finansiering. Vi registrerer at NVE heller ikkje finn grunnlag for å prioritera flaumlukealternativet økonomisk, eller utgreiingsmessig, skriv kommunen.

HF spør ordførar Roald Aga Haug (Ap) om han er overraska over tilrådinga frå NVE.

– Vi veit at dei har hatt ei vanskeleg sak, noko dei også har gitt uttrykk for. Eg registrerer at dei i konklusjonen ikkje prioriterer flaumluker. Det skal verta interessant å sjå kva regjeringa vil gjera, svarar ordføraren i Odda.

– Odda kommune har vore klare på at det trengst meir flaumsikring, og vi er opptatt av at dette er noko staten skal ta ansvar for. Vi er klare på at det trengst tilstrekkeleg tryggleik i Odda. Vi føreset at staten gir Odda fullgod sikring, legg han til.

Aga Haug trur ikkje det er sannsynleg at regjeringa vil endra tilrådinga frå NVE, og seier kommunen tek tilrådinga til etterretning, etter ein lang og krevjande periode.

John Martin Mjånes, administrerande direktør i SKL, seier dei har jobba i den tru at dette var eit prosjekt som kunne realiserast.

– Det er sjølvsagt eit slag for oss. No vil vi bruka tida på å setta oss inn i det NVE seier, uttalar Mjånes til Hardanger Folkeblad.

SV sin representant på stortinget, Lars Haltbrekken, er glad for konklusjonen til NVE.

- Ein gladnyhet. NVE slår fast at det verna vassdraget Opo, som renn gjennom Odda og ut i Sørfjorden, framleis bør vera verna mot kraftutbygging. No er det opp til olje- og energiministeren og klima- og miljøministeren og berga den fantastiske elva frå kraftutbygging, seier Haltbrekken.

Naturvernforbundet er òg nøgd med konklusjonen til NVE.

– Dette er ein gledesdag for Opovassdraget, for Odda og for alle lokale heltar som har stått på i Odda, seier Silje Ask Lundberg, leiar i Naturvernforbundet.

– No ligg denne saka på bordet til olje- og energiminister Terje Søviknes. Vi ventar at han lyttar til NVE og til alle dei som står på for å ta vare på Opo for framtida, seier ho vidare.