NVE godkjente søknaden om Onarheim kraftverk

NVE har gitt SKL vassdragskonsesjon i Hellandselva. (Arkivfoto).

NVE har gitt SKL vassdragskonsesjon i Hellandselva. (Arkivfoto).

Gir løyve til å bygga.

DEL

Sunnhordland Kraftlag AS får løyve til å bygga Onarheim kraftverk, melder NVE (Norges vassdrags- og energidirektorat) torsdag.

Kraftverket vil produsera om lag 27 GWh i eit middels år, noko som svarar til straumforbruket til 1.350 husstandar. I vedtaket har NVE lagt vekt på at ei utbygging av kraftverket vil vera eit bidrag til produksjonen av meir fornybar energi, ifølgje NVE.

Inntak lengre nede

Vidare står det at NVE meiner at dei negative konsekvensane primært er knytt til friluftsliv og landskap. Ved å plassera inntaket lengre nede enn det som opphaveleg var planlagt, meiner NVE at ulempene blir færre. På bakgrunn av dette gjev NVE løyve til bygging av kraftverket etter alternativ 2 med inntak på kotehøgde 435, står det på nettstaden. NVE meiner nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser. Samt at ulempene kan avgrensast ytterlegare ved å setta vilkår om mellom anna minstevassføring, omløpsventil og aktsemd i anleggsfasa.

«Vi understrekar at tillatinga etter vassressursloven gjeld Onarheim kraftverk og betydninga dette har for dei allmenne interessene i vassdraget. Tillatinga gir ikkje ekspropriasjonstillating. Tiltakshavar har sjølv ansvar for å avklara dei privatrettslege forholda til eventuelle andre rettigheitshavarar i området.

Før utarbeiding av tekniske planar for dam og vassveg, må søknad om konsekvensklasse for gitt alternativ vera sendt NVE og vedtak fatta. Konsekvensklassen er bestemmande for krava om tryggleik som blir stilt til planlegging, bygging og drift og må derfor vera avklart før arbeidet med tekniske planar startar.

NVE sitt miljøtilsyn vil ikkje ta planar for landskap og miljø til behandling før anlegget har fått vedtak om konsekvensklasse.

Vi understrekar at det ikkje må bli sett i gang anleggsarbeid før planane for arbeidet er godkjent av NVE. Vi minner også om at tiltakshavar må sørga for at planane er i samsvar med kommunal reguleringsplan og/eller arealplan.


Energiloven

I tillegg til denne konsesjonen etter vassressursloven må ein ha nødvendige tillatingar etter energiloven før utbygging kan starta. Samstundes med innsending av detaljplanar må det ligga føre ei endeleg avklaring fra netteigar om at det er ledig kapasitet i lokalt og overliggande nett. I tillegg må tilknytning av høgspenningsanlegg vera avklart med områdekonsesjonær. NVE vil ikkje godkjenna detaljplanene før dette ligg føre.»

Les NVE sitt vedtak her.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags