Rosa sløyfe: Seinskadar etter brystkreft-behandling

ROSA SLØYFE: Oktober er Rosa sløyfe-månaden, og i år er det fokus på seinskadar og vegen tilbake til arbeid etter behandling.

ROSA SLØYFE: Oktober er Rosa sløyfe-månaden, og i år er det fokus på seinskadar og vegen tilbake til arbeid etter behandling.

Rosa sløyfe-aksjonen vil i år belysa seinskadar som oppstår etter behandling av brystkreft, med fokus på at mange aldri kjem fullt tilbake i arbeid etter sjukdommen.

DEL

Oktober er «Rosa sløyfe»-månaden, og omtrent 3.400 personar i Norge opplever å få diagnosen brystkreft kvart år. Med behandlingane i dag overlever ni av ti brystkreftdiagnosen, og av desse får éin av tre seinskadar.

– Det var ei brukarundersøking blant medlemmane, der 85 prosent svarte at dei var i arbeid før behandlinga av brystkreft. Etter behandlingsløpet var det berre 45 prosent av desse som var i jobb, fortel leiar ved Brystkreftforeininga Stord, Mona Beate Odland over telefonen.

Mange møter urealistiske forventningar når dei kjem tilbake i arbeid etter behandling, og det endar ofte med at mange kvinner fell ut av arbeidslivet.

– Etter behandling går ein gjerne tilbake til ein fulltidsjobb, men har kanskje berre 30 prosent energi til å utføra arbeidet. Når ein då kjem heim frå arbeid, har ein ikkje overskot til å laga middag, og langt mindre til å vera sosial, fortset Mona.

Midlane frå Rosa sløyfe-aksjonen i år skal gå til forsking, i håp om at ein kan finna måtar å betra livskvaliteten til dei som opplever seinskadar.

– Med betre behandlingar og medisinar vil fleire heldigvis overleva brystkreft, men seinskadar er noko vi kjem til å sjå meir og meir av i framtida, fortel Mona.

Kreftfri, men ikkje frisk

Ved aksjonen vil ein skapa større aksept og forståing kring sjukdommen, både for den som opplever den, for pårørande og omgjevnadane. Det er ikkje alle som veit korleis sjukdomsløpet er, og korleis ein som gjennomgår brystkreft vil vera etter behandling.

– Det å vera kreftfri er ikkje einstydande med det å vera frisk, fortel Mona.

Etter sjølv å ha opplevd sjukdommen, er Rosa sløyfe og oktober månad blitt svært viktig for leiaren ved Brystkreftforeininga Stord.

– Det har blitt hjartebarnet mitt. Alle kvinner må sjekka brysta sine. Såp deg inn i dusjen og kjenn godt etter klumpar i brysta. Eg kan ikkje få sagt nok gonger kor viktig dette er. Eg unner verkeleg ingen å enda opp slik som meg, fortel Mona, som etter siste cellegiftbehandling fekk ein infeksjon som førte til at ho blei lam i delar av kroppen.

– Eg var ein aktiv person som trena fleire gongar i veka, og eg elska å gå i skogen og fotografera. Eg gjekk skikkeleg på trynet då eg fann ein klump i brystet, fortel ho.

Om du vil vita meir om historia til Mona Beate Odland, kan du høyra ho snakka på informasjonskvelden om kreft i Uskedalen 17. oktober.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags