Dybdahl fekk alle med på allsong under konserten: – No må de synga med, elles så blir det veldig flaut for meg!

Med eit vinnande vesen på scena, kombinert med ein gammal akustisk gitar, sjarmerte Thomas Dybdal publikum med sine ærlege og underhaldande historier undervegs.

Med eit vinnande vesen på scena, kombinert med ein gammal akustisk gitar, sjarmerte Thomas Dybdal publikum med sine ærlege og underhaldande historier undervegs.

Med ein gammal gitar og eit vinnande vesen, tok det ikkje lange tida før Thomas Dybdahl og publikum var fortrulege med kvarandre. Ei euforisk oppleving var i vente for alle som var på laurdagens konsert i Riddersalen.

DEL

Med ein gammal kassegitar i handa kom Thomas Dybdahl på scena. Det var stille i salen, før Thomas braut stilla med den akustiske klangen frå gitaren og den vakre stemma si med songen «Baby Blue». Han fekk ståande applaus, og stemninga for resten av kvelden var sett.

– Om de har nokon songønskje, må de berre seia ifrå, sa Thomas i mikrofonen.

Opptil fleire i publikum nytta seg av oppmodinga.

– Kan eg komma med eit ønskje? kom det frå salen.

– Ja, så lenge det ikkje er Queen, liksom, smilte Thomas tilbake.

Publikum lo, og det eine etter det andre songønskjet blei lufta.

– Ja, sidan eg har opna den døra må eg jo berre følgja opp! sa Dybdahl og sette i gong og spelte songen «Cecilia».

Undervegs i songen utfordra han heile publikum til å synga med på linja «Here I am, flesh and bones».

– No må de synga med, elles så blir det veldig flaut for meg, konstaterte han.

Publikum høyrde etter og tråkka til. Etter eit par rundar var Riddersalen fylt med mange vakre stemmer denne underhaldningsrike kvelden.

– Det var heilt nydeleg, rosa Thomas etter allsongen.

Tradisjon

Thomas Dybdahl har gjesta baroniet og halde konsertar fleire gonger tidlegare, og sjølv seier han at konsert i Rosendal er eit tav høgdepunkta hans i løpet av året.

– Eg har alltid vore ein Borggårdsmann, og det har tatt nokre år før dei har fått meg ned her i Riddersalen. No som eg er her, er eg jo heilt forelska!

Dette var verkeleg musikk i øyro til publikum, og dei blei endå meir bergtekne av mannen som stod på scena i ulldress, trass i at det var over tjue varmegrader ute.

Med sitt vinnande vesen, ærlege uttrykk og vittige kommentarar undervegs, gjekk halvannan time med underhaldning riktig så fort. Publikum fekk eit innblikk i den musikalske karrieren til Thomas, då slagerar frå starten av karrieren hans og fram til notida stod på programmet.

Til og med opphavet til mange av songane blei delt. Ein av dei mest kjende, «From Grace» blei til i kjellaren heime hos mora og faren i Sandnes.

– Foreldra mine sat og åt middag då eg busa inn og sa «Sayonara, suckers!». Då hadde eg verkeleg treft blink og laga ein slager. Eg var klar for å forlata redet. Heldigvis har foreldra mine tilgitt oppførselen min i ettertid, lo han.

Avslutningsvis takka han Anne Grete og Reidar som år etter år har late han spela i baroniet, og han har ingen planar om å gi seg etter denne konserten:

– Vi sjåast til neste år!

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags