Tur med dampen

DEL

Det store veteran- og skutetreffet Fjordsteam går av stabelen i Bergen 2.–5. august. I den samanhengen har du sjansen til å ta ein av mange rutebåtar til Bergen, slik det var for 50 år sidan, melder uskedalen.no. DS «Stord 1» går frå Rosendal torsdag føremiddag. MS «Lindesnes» med Johan Brigtsen som kaptein har avgang frå Varaldsøy og Gjermundshamn. Alle rutebåtane går samla inn til Bergen og skal vera på plass til opninga om kvelden.

Med Fjordsteam har alle ein unik sjanse til å få oppleva tradisjonell ruteferdsel prega av kultur, nostalgi og folkefest. 60 farty er påmelde. Ni av dei er dampskip, tre er mindre dampbåtar.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags