Ekstrakonsert med Nordstoga

TIL ØLVE: Odd Nordstoga held konsert i Hellebergshillaren både fredag og laurdag. pressefoto

TIL ØLVE: Odd Nordstoga held konsert i Hellebergshillaren både fredag og laurdag. pressefoto

Av
DEL

Er du mellom dei som ikkje har fått billett til Nordstoga-konsert i Hellebergshillaren laurdag, får du no ein ny sjanse.

På grunn av stor pågang til konserten laurdag, har Konsertnemnda i Hellebergshillaren klart å få Nordstoga til å spela ein ekstrakonsert på fredagen. Den blir akkurat lik den opphavlege.

– Vi får høyra mykje frå Nordstoga sitt siste album «Kløyvd ut», men han har òg lova å spela nokre av dei gode, gamle og godt kjende låtane sine. Så dette kjem til å bli to gode konsertar i den utruleg stemningsfulle Hellebergshillaren, lovar John Ulvenes i konsertnemnda.

Begge kveldane stiller Odd Nordstoga opp med oppvarmingsmusikk, nemleg songgruppa «Tomra Pjolter- & Salmesangforennig» frå Tomrefjord. Denne muntre gjengen vartar opp med alt frå salmesong til Whitney Houston.

I ein video på Facebook forsikrar Nordstoga at han gler seg til konsertane og at stemninga vil bli magisk.

Det trur John Ulvenes òg, samtidig som han ber oss hjelpa til med å gjera kjent at det desse kveldane er strengt forbode å røykja. Forbodet gjeld både på turstien opp til Hellebergshillaren og uteområdet der.

– Forbodet er bestemt i samråd med brannvesenet, og bakgrunnen er sjølvsagt tørken. Vi tar ingen sjansar, forklarer Ulvenes.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags