Filmskapar Merethe startar turneen sin til fem bygder i Kvinnherad og ei i Hardanger

I KVELD: Christian Meaas Svendsen (t.v.), Merethe Offerdal Tveit og Harald Lassen er klare med turne-programmet «Bygdekino og jazz». Første spretten blir på Varaldsøy i kveld. (Pressefoto).

I KVELD: Christian Meaas Svendsen (t.v.), Merethe Offerdal Tveit og Harald Lassen er klare med turne-programmet «Bygdekino og jazz». Første spretten blir på Varaldsøy i kveld. (Pressefoto).

Av

I dag startar filmskapar Merethe Offerdal Tveit turneen sin til fem bygder i Kvinnherad og ei i Hardanger.

DEL

Med seg på turneen har Tveit flotte jazzmusikarar frå Oslo. Hovudretten i programmet er tre filmar av Tveit, etterfølgd av ein utmerkt dessert med jazzduoen Duplex.

Turneen startar på Varaldsøy grendahus i kveld (tysdag). Onsdag vert programmet servert i Bergslagen på Sunde, torsdag i Sjøstova på Borgundøy, fredag på Sjøbuo kafé i Åkra, medan siste stopp i Kvinnherad blir på Rosendal Turisthotell komande laurdag. Deretter reiser ensemblet vidare til Herand i Hardanger for førestilling der.

Tre filmar

Tveit viser tre kortfilmar på turneen. Den eine handlar om Olaf Bjørnebøle (1851-1874) som kom frå garden Bjørnebøle ved Fjellhaugen. Ifølgje Tveit var han ein spennande fyr som mellom anna skreiv mange tekstar. Berre 23 år gamal døydde han som student i Bergen. Filmen om Bjørnebøle har ho kalla «En Skildring af Hjemmet» etter ein av tekstane hans med same namnet. Neste film handlar om den siste gjenlevande båtbyggjaren i Herand, Sverre Haugen. For nokre generasjonar sidan var storparten av vaksne menn i Herand engasjerte i båtbygging. Den tid er avgjort forbi, og filmen handlar både om dei lange tradisjonane generelt og om Haugen spesielt. Siste filmen er ein poetisk film om hausten og det forgjengelege i tilværet. «November» er tittelen. Alle opptaka er gjorde i baronihagen.

Jazz

Duoen Duplex består av jazzmusikarane Christian Meaas Svendsen (kontrabass/vokal) og Harald Lassen (saksofon/vokal). Duoen er opptatt av meir enn jazz, så her er det variasjon i vente. Duplex har to album bak seg.

‑ Verkeleg flinke musikarar med mange oppdrag, så dette kan ein berre gle seg til, rosar Tveit.

Også ho gler seg til førestillingane.

- Håpet er at mange kjem, og at mange stoppar igjen på staden etter at programmet er slutt. Det kjekkaste er å få prata litt med folk, seier Tveit, som saman med musikarane blir verande i lokala til kvelden er over.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags