Aurora til Festidalen

(Pressefoto).

(Pressefoto).

Første sjanse til å oppleva Aurora på ein scene i Hordaland i 2020, vert på Dønhaug. Det er også den einaste festivalen ho gjer i fylket dette året.

DEL

Det melder Festidalen i ei pressemelding torsdag:

«Aurora er framleis berre 23 år. Likevel har ho alt blitt streama over 200 millionar gonger, fått hylla full av prisar, og lagt land og utland for sine føter. Og ho er berre så vidt i gang. Aurora er eit vokalt, musikalsk og kunstnarisk talent Norge aldri har sett maken til. Unik. Underleg. Og ulovleg dyktig. Dette er elegant elektronisk pop for lyse sommarkveldar. Høyr deg opp på til dømes «Running with the Wolves», «Runaway» og «The River» før me møtes på Dønhaug. Aurora er ikkje blyg når ho går på scenen. Ho vil skrika musikken. Dansa den. Og invitera publikum inn i verda si».

Dei første penselstrøka på plakaten er utført. Og med Gabrielle og Aurora malar Festidalen seg mot ei nydeleg festivalhelg i juni.

«Kva høver vel betre enn å sleppa den største og mest særeigne stjerna av alle i julemånaden? Aurora lyser over taket der han Magne bur. Og tre tusen vise og uvise jenter, gutar, kvinner og menn legg ut på vandringa mot 26. juni. Vi er ikkje så keisame at me feirar med røykelse og myrra. Men gull? Litt bling-bling vert det iallfall», kommenterer bookingansvarleg Daidalos Dahle i Festidalen si pressemelding, og held fram:

«Det er noko heilt særeige med Aurora. Ho er nesten unaturleg naturleg. Tidvis tander og audmjuk, andre stunder trolsk og fandenivoldsk. Stemma vandrar frå å representera rein urkraft, til å rota fram lyden av ditt indre barn. Ho er fascinerande mystisk, ho her. Som noko mellom den skandinaviske huldra og den greske nymfa. Meir Aurora i monitor, takk»!

Vidare står det at Festidalen om ikkje lenge kjem til å avsløra nokre menn frå både rocke- og rapsida til sommarens festival.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags