Vaage klar med jubileumsførestilling om Vinje

200 ÅR: Aasmund Kaldestad (f.v.), Lars Amund Vaage og Kyrre Eikaas Ottesen turnerer med førestillinga som feirar at det er 200 år sidan Aasmund Olavsson Vinje vart fødd. (Foto: Hanne Bramness).

200 ÅR: Aasmund Kaldestad (f.v.), Lars Amund Vaage og Kyrre Eikaas Ottesen turnerer med førestillinga som feirar at det er 200 år sidan Aasmund Olavsson Vinje vart fødd. (Foto: Hanne Bramness).

Lars Amund Vaage reiser rundt med førestillinga «Vinje, vår mann» i høve 200-årsdagen til Aasmund Olavsson Vinje. 26. august kan du sjå den på Husnes.

DEL


– Eg vart kontakta av Sogn og Fjordane teater om eg ville laga ei førestilling om Vinje i høve 200-årsjubileet. Vinje har alltid vore ein viktig mann for meg, så det ville eg gjerne.

Det seier forfattar Lars Amund Vaage frå Sunde. Han har skrive kåseriet som er utgangspunktet for førestillinga som vart sett opp for å feira målmannen, diktaren og folkeopplysaren.

– Vinje er ein av våre største diktarar, han levde eit spennande og omskifteleg liv. Han er ein slags landsfader, og ein viktig del av historia vår, meiner Vaage.

I førestillinga les Vaage kåseriet som handlar om Vinje sitt liv og virke, samt problem han støtte på, kjærleiken og diktinga. Skodespelar Kyrre Eikaas Ottesen framfører tekstar av diktaren, medan tenor Aasmund Kaldestad syng kjende songar med tekst av Vinje og melodi av Grieg, som Vaage akkompagnerer.

– Tekstane og songane kjem inn undervegs og understrekar viktige poeng i kåseriet, førestillinga vert slik eit «multimedieshow». Eg trur det er eit litt annleis kulturuttrykk enn det folk er vande med, seier Vaage.

Aasmund Olavsson Vinje var den første som tok i bruk landsmålet Ivar Aasen hadde konstruert offentleg, og «Ferdaminne frå sumaren 1860» var den første boka som kom ut på nynorsk. Vinje starta også den aller første nynorsk-avisa.

– Vinje var ein aktiv debattant, og han var ofte utagerande i diskusjonar. Han var ein råtass, men samtidig følsam og glad i alt som var vakkert, fortel Vaage.

Førestillinga hadde premiere i Førde 1. juni, og sidan har trioen framført den fleire andre stader, mellom anna under Boknatt i Fjærland. Førestillinga skal også visast i Vinje under Vinje-dagane, på Litteraturhuset i Bergen og på Åmot operagard.

– Dette er ei førestilling for alle som likar norsk kultur, dikting og nynorsk. Eg trur den er noko mange kan ha glede av, freistar Vaage.

Førestillinga kan du sjå i konsertsalen i Kulturskulen søndag 26. august.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags