Besøk i verdskjend klasse

Espen Eriksen Trio tek med seg den verdskjende saxofonisten Andy Sheppard, når dei 21. september skal opptre på Husnes kulturhus.

Espen Eriksen Trio tek med seg den verdskjende saxofonisten Andy Sheppard, når dei 21. september skal opptre på Husnes kulturhus.

Denne månaden kan musikkglade Kvinnheringar oppleva jazztonar i verdskjend klasse, når Husnes Jazzklubb i samarbeid med Husnes kulturhus inviterer til konsert.

DEL

Laurdag 21. September kjem den norske jazzpianotrioen Espen Eriksen Trio til Kvinnherad for å framføra musikken sin på Husnes kulturhus.

Dei har, sidan dei starta opp i 2007, bygd seg opp eit stort namn i den internasjonale jazzverda, og blir rekna for å vera blant dei beste innan sjangeren sin.

Gjengen har mellom anna gitt ut fire kritikarroste album, hos det prestisjetunge plateselskapet «Rune Grammofon».

Med seg til Husnes har dei fått den verdskjende britiske saxofonisten, Andy Sheppard, som har jobba med fleire store namn i sin musikarkarriere. Saman gav dei ut albumet «Perfectly unhappy» i 2018, som dei med stor suksess og fulle hus har turnert Europa med.

Jazzglade kvinnheringar kan, ifølgje Jarle Mehammer i Husnes Jazzklubb, venta seg melodisk minimalisme, subtile komposisjonar og fine, lyriske stemningar.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Husnes Jazzklubb og Husnes kulturhus.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags