Pink Floyd-brikkene fell på plass: – Vi gir gass!

ØVING: Clive Andersen står i sentrum for både korps og rockeband og dirigerer med heile seg. Bildet er frå torsdag kveld då rockebandet og musikklaget hadde fellesøving.

ØVING: Clive Andersen står i sentrum for både korps og rockeband og dirigerer med heile seg. Bildet er frå torsdag kveld då rockebandet og musikklaget hadde fellesøving. Foto:

DEL

– Vi må ha stor respekt for originalmusikken!

Clive Anderson er dirigent for Husnes Musikklag og har arrangert fire av dei sju Pink Floyd-melodiane korpset er delaktig i under Pink Floyd-konsertane til helga. Det mange ikkje tenkjer på er at arrangørjobben krev mykje tid og stor musikalsk kompetanse.

– Ja, det er ein ganske stor jobb. Eg må laga noko som er interessant for musikklaget å spela – ein kan kalla det B-melodiar som går parallelt med hovudmelodiane. På den eine sida er det viktig at publikum høyrer at det er eit korps med i lydbildet, og på den andre sida skal lyttaren kjenna at ein likevel er i Pink Floyd-universet.

– Du må vera ein musikalsk diplomat?

– Ja, eg må ha stor respekt for originalmusikken, seier Anderson.

– Du er opprinneleg frå England – kva forhold har du til Pink Floyd?

– Det er musikk frå min eigen ungdom og eg likte godt bandet då det kom. Mitt favorittalbum er «Atom heart mother», særleg side a der det er ein lang låt, hovudsakleg instrumental med mange blåsarar. Oddbjørn Kloster (ein av prosjektleiarane, journ. anm.) er ikkje heilt på linje med meg der, ler Anderson.

Han kan elles fortelja at søstera hans gjekk på den skulen der Pink Floyd «lånte» ungar til The Wall-scenen der skuleelevar syng songen «We don't need no education».

– Søstera mi var ikkje med i koret, men eg veit at rektoren på skulen ikkje likte at ungane song denne strofa. Musikklæraren måtte smugla ut ungane då dei skulle syngja i eit studio i nærleiken, fortel Anderson.

– Korleis går det no i innspurten, like før konsertane?

– Det går fint, me jobbar med detaljar, repetisjonar og slikt. Det er ein veldig interessant del av prosessen synest eg. No gler me oss til forestillingane, seier Anderson.

Veldig kjekt prosjekt

Ein av musikantane i Husnes Musikklag, Maren Skogseth (saksofon), synest det er kjekt å vera ein del av Pink Floyd-prosjektet.

– Alt i fjor haust byrja vi å øva intensivt på den eine låten etter den andre, fortel Skogseth.

Ho synest det er givande å ha slike større prosjekt å jobba fram mot.

– Eg har høyrt på Pink Floyd sidan eg var ung – det er musikk eg likar godt og som det er kjekt å spela.

– Kva synest du om kulturskulerektor Kirill Zimin sine saksofonsoloar, du som spelar saksofon sjølv?

– Han er utruleg flink og har vel spelt heile livet – eg har berre halde på i tre år. Eg er elles imponert over alle solistane og vokalistane – her vil ein verkeleg gå glipp av noko om ein ikkje tar turen på ein av konsertane, avsluttar Maren Skogseth.

Full pedal

Også gitarist Håkon Røstbø i Pink Floyd-prosjektet sitt berande element, rockebandet, gler seg storleg:

– Vi prøver å få det så godt opp mot originalen som mogeleg, forsikrar Røstbø, og rapporterer at medgitaristane Tor Jørgen Sætrevik og Finn Tore Hellesen har fleire kvadratmeter med pedalar og effektboksar.

Alle blodfans av Pink Floyd har sine favorittversjonar, og det skal ikkje store sidespranget til før nokon protesterer. Røstbø trur det skal gå bra.

– Me har brukt nokre liveversjonar som utgangspunkt for einskilde låtar, men i hovudsak prøver me å leggja oss opp mot originalane.

Røstbø fortel elles om mykje, men veldig kjekt arbeid no i innspurten. Bandet har om lag like mange låtar åleine som saman med musikklaget. Han nemner elles Frode Kaldestad (tangentar) som ein nøkkelperson i samarbeidet med Clive Anderson for å få noter og band til å gå i saman.

– Kva er ditt forhold til Pink Floyd?

– For meg starta det med albumet «Dark side of the moon». Pink Floyd har ein stor plass i rockehjarta mitt. Musikken er svært arrangert, men flott, melodiøs og mektig. Og så kom dei med desse originale, maskinelle lydane som gav ekstra særpreg.

– Kan du lova bra fres i gitarsoloane?

– Ja, me tre gitaristane vekslar på soloane og me gir gass. Det er fantastisk moro å vera med på dette prosjektet, seier Røstbø som også er blant vokalistane.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags