Song for full hals midt i Skålagato

Gatesong i Rosendal.

DEL


Laurdag vrimla det av folk i Skålagato, der ein i strålande vårsol kunne høyra song av ulike kor på ulike stadar. Norges Korforbund Hordaland hadde nemleg plukka ut Rosendal for arrangementet «Kortreff».

Seinare på dagen var det konsertar i Rosendal samfunnshus og Kvinnherad kyrkje, før laurdagen blei avslutta med festmiddag for songarane på Rosendal Fjordhotel.

Av lokale kor deltok Rosendal Songlag og Røysterett for Alle.

Bergen Mannskor, Dale Mannskor, Kor é Vi, Kor-ness, Sangforeningen Ekko, Strandebarm Songlag, Tertneskoret og Trengereidkoret var blant gjestekora som kom til Rosendal.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags