Nytt internasjonalt kor på Husnes

KOR: Dmitrii Kuzmin frå Russland (t.h.) skal leia øvingane til det nye, internasjonale koret gjennom våren. Han har mykje erfaring å visa til, blant anna frå heimlandet Russland, og Tyskland og Storbritannia.

Måndag formiddag hadde koret si første øving, og det gav utan tvil meirsmak for deltakarane.

DEL

Medan Kvinnheringen er innom høyrer vi full korøving gjennom gangane. Pedagog og musikklærar Dmitrii Kuzmin terpar på notane og instruerer elevane, og velvillig syng dei med i fleirstemte tonar. Dmitrii er nyleg tilsett ved kulturskulen og har vore her i ei veke, og han er allereie i gang med prosjektet «Internasjonalt kor».

– Målet er å dyrka nye vennskap og hjelpa til med integreringa, smiler Dmitrii.

NOTAR: Å kunna notar er grunnleggande for kordeltakarane. Her teiknar pedagog og musikklærar Dmitrii Kuzmin opp notane dei skal øva på.

NOTAR: Å kunna notar er grunnleggande for kordeltakarane. Her teiknar pedagog og musikklærar Dmitrii Kuzmin opp notane dei skal øva på.

I koret er det medlemmar frå ei rekkje forskjellige land.

– Alle nasjonalitetar er hjarteleg velkomne, smiler rektor ved kulturskulen, Kirill Zimin.

Vel over 20 personar har møtt opp, og det vil vera øving kvar veke framover, med mål om å ha framføring og synga på 17. mai. Songane vil for det meste vera norske, med innslag frå dei ulike kulturane til deltakarane.

– Vi må hugsa at dette er eit internasjonalt kor. Tenk kor kjekt det er å høyra songar og musikk frå alle verdshjørne, smiler Kirill.

Samarbeid

Prosjektet «Internasjonalt kor» er eit samarbeid mellom Kvinnherad Kulturskule og Eininga for integrering og opplæring.

– Målet er at det skal eksistera eit internasjonalt kor her. Det er noko alle vinn på, og forslaget blei veldig godt motteke av vaksenopplæringa, seier Kirill.

Kortilbodet vil bli ein del av introduksjonsprogrammet ved vaksenopplæringa for dei som ønskjer det, sidan oppmøte er på frivillig basis.

Entusiastiske deltakarar

Ein gjeng med ivrige kordeltakarar sit og følgjer godt med når Dmitrii teiknar notar og forklarer på tavla.

Deltaking i koret er frivillig, og det er eit fint høve til å læra meir norsk og dyrka nye vennskap. Her ser vi framme frå venstre Desiree Lotoc, Katarina Uherek, Benjawan Chuayphan og Toka Almassalmeh. Bak frå venstre ser vi Noura Kasem, Aireen Engco og Marijean Arthun (gøymd bak Desiree Lotoc).

Éi som synest det er eit kjekt tiltak, er Katarina Uherek frå Slovakia.

– Eg har aldri sunge i kor før, berre spelt litt på trekkspel, smiler ho.

Nora Kasem frå Syria har også spelt trekkspel før, men utan notar. Sunge i kor har ho derimot ikkje gjort før:

– Det var stor konkurranse for å koma seg inn i kor heime i Syria, så dette er det første koret eg har vore med i.

Desiree Lotoc frå Filippinene har budd i Norge i fem år, og det er også første gong ho deltek i eit kor.

– Det er veldig spennande og gøy. Tidlegare har eg spelt litt på piano med vener, men aldri noko profesjonelt.

Like ved sit Aireen Engco og Marijean Arthun frå Filippinene. Dette er deira første koroppleving også.

– Det er veldig kjekt å vera her saman og læra norsk, fortel dei to entusiastisk.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags