Inviterer til julekonsertar

KONSERT: Neste veke skal dei flinke kulturskule-elevane halda fleire julekonsertar. Her ser du strykarar på scena under ein konsert i 2017. (Arkivfoto).

KONSERT: Neste veke skal dei flinke kulturskule-elevane halda fleire julekonsertar. Her ser du strykarar på scena under ein konsert i 2017. (Arkivfoto).

Neste veke kan du få oppleva dei flinke kulturskule-elevane i aksjon når dei held julekonsertar på Husnes og i Rosendal.

DEL

Den komande veka går kulturskulen sine store julekonsertar av stabelen på Husnes og i Rosendal. Kulturskuleelevane har førebudd eit stemningsfullt og variert juleprogram, og kan lova julemusikk og –song på mange instrument, står det i pressemeldinga.

Måndag ettermiddag vert det julekonsert i konsertsalen på kulturskulesenteret, med elevar som spelar mellom anna kornett, althorn, trombone, tuba, gitar, piano, trommer, og marimba. På denne konserten vil publikum mellom anna få høyra «Jingle Bells», «O helga natt», «Away in a Manger», og «Santa Claus is Coming to Surf».

Det vert ny konsert litt seinare på kvelden i konsertsalen, med elevar som spelar fiolin, cello, piano og trommer. Dei vil blant anna framføra både musikk frå «Tre nøtter til Askepott», og låtane «Let it snow» og «Nå tennes tusen julelys». Orkester 2 avsluttar denne konserten med «Deilig er jorden».

Tysdag 17. desember er det klart for stor julekonsert i kinosalen på Husnes, og kulturskulen håpar mange vil ta turen for å høyre på dei dyktige elevane denne dagen. Her vert det flott song og spel frå både gitarorkester, songelevar, trombone, trommesett, marimba, piano og rockeband. Til slutt får publikum høyra eit ensemble med fordjupningselevar i musikk, Nattergalen kor og inviterte gjester, som framfører fleire julestykke med «Silent Night til slutt».

Onsdag kveld 18. desember står julekonsert i Rosendal samfunnshus for tur, og her vert det innslag frå både Orkester 3, og piano, gitar, song, dans og rockeband. Dansegrupper som opptrer denne dagen er dans 8-9 og jazz/moderne dans 2-5. På programmet står mellom anna «Himmel på jord», «Home for Christmas», «Sleigh Ride», «Bjelleklang», og «Så går vi rundt om en enebærbusk».

Teater-elevar skal medverka som konferansierar på julekonserten tysdag i kinosalen, og bildekunst-elevar har laga flotte plakatar til alle julekonsertane.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags