«Bygdefest» med Staysman & Lazz i kulturhuset

(Pressefoto).

(Pressefoto).

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Natt til 1. mai blir det skikkeleg «bygdefest» i Festsalen i Kulturhuset Husnes. Då spelar Staysman & Lazz konsert.

DEL

Staysman & Lazz er ein duo bestående av kompisane Stian Thorbjørnsen og Lasse Jensen, kjent for livlege festlåtar. Dei to karane blei først kjent gjennom «Sommerstjerner», ein songkonkurranse arrangert av Se & Hør sommaren 2010. Her vann dei med den sjølvskrivne låten «Uten sko».

Stian «Staysman» blei dessutan kjent då han var med i den fjerde sesongen av Paradise Hotel, og han har også vore med i Robinsonekspidisjonen.

I mars 2015 deltok Staysman & Lazz i Melodi Grand Prix på NRK med «En godt stekt pizza», same året som Erlend Bratland var med. I kulturhuset lagar dei garantert liv, og då får du sikkert også høyra den siste låten dei gav ut i desember: «Om 100 år er allting glemt», der dei har med seg Leif Einar «Lothepus» Lothe.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags