Draumen brast for Erlend

Erlend Bratland drøymde om å ta seg vidare til Eurovision-finalen. Dessverre for 27-åringen så gjekk det ikkje slik. (Arkivfoto).

Erlend Bratland drøymde om å ta seg vidare til Eurovision-finalen. Dessverre for 27-åringen så gjekk det ikkje slik. (Arkivfoto).

Det gjekk ikkje vegen for Erlend Bratland i kveldens Melodi Grand Prix-finale.

DEL

27-åringen drøymde om ein billett som Norge sin representant til den internasjonale finalen i Tel Aviv, men slik gjekk det ikkje.

Bratland var ikkje blant dei fire finalistane som gjekk vidare for å kjempa om den eine billetten til finalen i Israel i mai.

Han framførte låten «Sing for you».

Bratland hadde store forventningar til finalen då Kvinnheringen snakka med han tidlegare på dagen, laurdag. Men finaledagen gjekk på langt nær slik artisten hadde sett føre seg. Tidlegare på dagen blei han brannskadd under generalprøven då det pyrotekniske svikta. I ein kort periode var det uvisse om han kunne stilla i finalen.

I finalen måtte Bratland attpåtil framføra låten sin to gonger. Det etter at det tekniske svikta igjen. Denne gong var det pyro-effektane til sceneshowet hans som ikkje blei sendt ut, og som gjorde at han måtte på scenen ein ekstra gong.

Erlend Bratland deltok i MGP-finalen i 2015 også. Då hamna han på 2. plass.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags