«Ingenting» tilbake til Husnes

ROCK: «Ingenting» er blitt Husnes- og Kvinnherad-vener. No kjem dei tilbake for å spela på 5460 for tredje gong. (Pressefoto).

ROCK: «Ingenting» er blitt Husnes- og Kvinnherad-vener. No kjem dei tilbake for å spela på 5460 for tredje gong. (Pressefoto).

Av

Rockebandet «Ingenting» er nærmast for Husnes-vener å rekna, når dei no kjem tilbake for tredje gong for å spela på Bar 5460 laurdag 17. mars.

DEL

Bandet Ingenting er ifølgje seg sjølv eit rock-kollektiv frå Austrått i Sandnes. Meininga med Ingenting har alltid vore å levera ikkje alt for gjennomtenkte betraktningar om «liv og levna» blant fem forvirra menn, og metoden har alltid vore «no-shit» rock’n’roll med gitarsolo i midten. Metoden er med andre ord den same som den har vore sidan garasjedagane på Austrått – det er utføringa som har tatt eit aldri så lite steg opp ettersom åra har gått. Bandet takka nei til MGP Eurovision Song Contest, og Allsang på grensen var heller ikkje heilt greia deira. Men sidan Ingenting albumdebuterte for 25 år sidan, er bandet no blitt ein ekte rockeinstitusjon. Ifølgje bassist Tor Jan Møller finst det ikkje andre rockeband av dette formatet lenger, verken lokalt eller nasjonalt. Ingenting er eit fengande og velspelt live-band, og med slagarar som «Liden», «HIV positiv», «Gje faen i det» og «Slag i dag» snakkar vi garantert allsong og hæla i taket når dei speler på 5460 igjen.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags