Båtbyggjedag i Ølve

FINT BESØK: Nokre av båtane ved kai på Øyra under båtbyggjedagen 2017. (Foto: Terje Øen).

FINT BESØK: Nokre av båtane ved kai på Øyra under båtbyggjedagen 2017. (Foto: Terje Øen).

Kulturnemnda i Ølve bygdelag inviterer til ny båtbyggjedag på skipsbyggjeplassen Øyra, Nerhus i Ølve.

DEL

Det skjer tidleg ettermiddag søndag 19. august, går det fram av ei pressemelding frå arrangørane. I fjor vart dette arrangementet ein suksess då 120 menneske kom for å sjå utstillingar på dei to gamle verfta og høyra føredrag om fartøybygging. Ikkje minst var det populært at dei minste fekk byggja seg små båtar.

Som i fjor vert det utstillingar som fortel om skipsbyggingshistoria. I år handlar føredraget om skottehandelen. Vidar Ask fortel om handel og kulturutveksling med vesterhavslanda på 15- og 1600-talet. Dette er viktig historie for bygdene våre.

Sjølvsagt vert det også i år båtbyggjeri for borna med basseng der dei kan segla med dei nybygde skutene.

Tysnes Kystlag vil på ny ta turen til Ølve med nokre av båtane sine, og kanskje kjem det også andre skuter til kai ved moloen.

Kafeen kjem til å selja vaflar, saft og kaffi, men også lapskaus slik at det er mogeleg å ta søndagsmiddagen på Øyra denne dagen. Og som i fjor blir det trekkspeltonar frå Tysnes og Ølve.

Parkering ved Ølve kyrkje. Båtbyggjedagen blir til i samarbeid med Kystsogevekene.



Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags