Nye oppdagingar i industrispora i Ølve

Artikkelen er over 1 år gammel

Kulturnemnda i Ølve bygdelag inviterer i vår til fleire kortare dagsturar i dei mange spennande industrispora i bygda.

DEL

Kulturnemnda i Ølve bygdelag har programmet klart for nye oppdagingar i industrispora.

– Ølve er som kjent den eldste industristaden ved Hardangerfjorden, og her er mange spennande spor etter kisgruvedrift, bakstehellehogging og skipsbygging. I år blir det fleire kortare dagsturar for alle som vil vera med. Pluss båtbyggjedag, som var ein stor suksess i fjor, skriv kulturnemnda i ei pressemelding.

Langfredag blir det tur til kisgruvene i Dalen, til Jernsmåget og den mystiske Dyråsen. Her var det gruvedrift i periodar mellom 1640 og 1920. Njål Vidar Traavik og Eva Røyrane er vegvisarar på turen.

Den 29. april blir det tur til kisgruvene i Attramadal. Også her var det gruvedrift i same tidsperiode. I lag med vegvisararar Olaug Attramadal og Eva Røyrane, skal turdeltakarane vandra i gruvespora, både inni i og omkring dei gamle gruvene.

Den 20. mai er det klart for oppdagingar på Slagget.

– Slagget var utskipingsplass for baksteheller og kis. Her låg smeltehytta til koparverket, her er gullgruva og her låg oppgangssaga som forsynte skotteskutene med trelast. Slagget var ein viktig lasteplass under skottehandlen. Og lengst oppi elva ligg bygdekverna. Bli med vegvisar Margaret Haugland på leit etter dei mange historiske spora, skriv bygdelaget i pressemeldinga.

Den helga i juli når det skal vera konsert i Hedlebergshidlaren, blir det tur til bakstehellebrota i Fuglebergsåsen, leia av Rita Martens Meyer. Og 19. august er det klart for båtbyggjedagen på Øyra på Nerhus. Dette i samarbeid med Kystsogevekene.

– I fjor kom 120 menneske til skipsbyggjeplassen, mange sa at dette måtte bli ein tradisjon. No kan det bli det. Årets tema: Skottehandelen. Og sjølvsagt blir det rigga båtbyggjeri for barna i år og, skriv bygdelaget.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags