Rekordbesøk på kammermusikk-festivalen

I ÅR: Rosendal Kammermusikkfestival hadde rekordbesøk i år. Her ser du Matthias Goerne og Leif Ove Andsnes etter å ha framført Schuberts Winterreise i Kvinnherad kyrkje. (Arkivfoto).

I ÅR: Rosendal Kammermusikkfestival hadde rekordbesøk i år. Her ser du Matthias Goerne og Leif Ove Andsnes etter å ha framført Schuberts Winterreise i Kvinnherad kyrkje. (Arkivfoto).

Av
DEL


Rosendal Kammermusikkfestival har gjennom dei tre første åra vore ein stor suksess, og festivalleiinga har sendt brev til kommunen og takka for støtte dei tre første åra.

Besøkstala har auka dei tre åra, med 3.034 i 2016, 4.400 i 2017 og rekordbesøk med 5.564 i 2018. Festivalen har òg auka driftsbudsjettet år for år. I 2016 var det på 2,3 millionar, i 2018 på 3,9 millionar kroner, medan ein i 2019 reknar med 4,275 millionar. I 2018 gjekk festivalen med eit overskot på 560.480 kroner.

– I planlegginga av festivalen komande år framover, er det viktig at finansieringa er langsiktig, og Rosendal Kammermusikkfestival søkjer om ei årleg støtte på 150.000 kroner til festivalen. Noko som kan vera med å sikra den statlege og fylkeskommunale støtta til festivalen, heiter det i søknaden som er underteikna av Leif Ove Andsnes og Anne Grete Honerød.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags