Rockabilly på Snikkeriet

(Pressefoto).

(Pressefoto).

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Søndag 1. pinsedag blir det rockabilly på Snikkeriet, og her er historia til VossaRebels i kortformat, henta frå pressemeldinga deira:

Hausten 2010 starta fire gutar frå Voss å spela i band. Dei fann fort ut at det var rockabilly dei skulle legge sjela si i. No er gutane blitt 14–17 år og rockar hardare enn nokon gong. Dei har hatt mange spelejobbar på kneiper og festivalar og er no klare med debutalbumet sitt «Bedop». Ungdomane har skrive halvparten av låtane på albumet sjølve. Ken Bruno har skrive tekstane for dei. Så stapp plata i spelaren og skru opp! Dette er energisk rockabilly spelt av «ungdommen no til dags». The VossaRebels var i semifinalen på Norske Talenter 2018, og består av Sondre Hegg: (vokal, gitar), Jakob Sjøtun (rytmegitar), Sondre Dæmring Styve (kontrabass) og Eivind Dæmring Styve (trommer).

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags