Éin million til «geopark»

STØTTE: Denne gjengen er glade for støtta frå fylkeskommunen. F.v: Dagleg leiar for Moster Amfi, Nina Meldahl Olsen, dagleg leiar for Samarbeidsrådet for Sunnhordland, Gro Jensen Gjerde, dagleg leiar for Sunnhordland Museum, Linda Øen, og styreleiar for Moster Amfi, Svein Arne Theodorsen. (Foto: Privat).

DEL

Hordaland fylkeskommune har løyvd éin million kroner over to år til utvikling av «Geopark Sunnhordland», kjem det fram i ei pressemelding.

Sjølv om bakgrunnen for Geopark Sunnhordland er geologi, handlar geopark først og fremst om menneske og kva me har utnytta geologien til for å komma til der vi er i dag.

Midlane frå Hordaland fylkeskommune skal blant anna nyttast til å skapa innhald, formidling og kompetanseutvikling knytt til geologi, landskap og historia om Sunnhordland.

Arbeidet skal gjerast i eit samarbeid mellom blant anna Moster Amfi, Sunnhordland museum Rosendalstiftinga og Samarbeidsrådet.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags